Kari Arnestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kari Arnestad
Fødd 8. oktober 1910
Død

20. juni 1985

Yrke lyrikar, skribent

Kari Jenny Kristine Arnestad (fødd 8. oktober 1910 i Hyen i Gloppen, død 20. juni 1985) var ein norsk evangelist, kurator og forfattar.

Ho var dotter til ein lærar og vaks opp i Angedalen i Førde og på Hestenesøyra i Gloppen. Arnestad gjekk på folkehøgskule på Vereide og bibelskule i Oslo. Ho var reisesekretær i Oppland krets av Det Norske Misjonsselskap i 20 år. Arnestad tok sosialskule og arbeidde som kurator ved Hvite Bånds kurhjem i Oslo og ved Risby kurhjemDokka. Kari Arnestad budde i Gloppen frå 1973. Ho omsette salmen Hvo ene lader Herren råde til nynorsk (Norsk Salmebok nr 459).

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1979 – Under Guds regnboge : dikt (Stavanger: Dreyer)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]