Den thailandske hæren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Den thailandske hæren (thai กองทัพบกไทย, Kongthap Bok Thai) er hæren i Thailand og den eldste og største greina av det thailandske forsvaret. Hærsjefen er Apirat Kongsompong.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hæren blei skipa i 1874, dels som svar på nye trugsmål som følgje av Bowring-traktaten med Storbritannia. Traktaten frå 1855 opna opp landet for internasjonal handel.

Hæren har tradisjonelt hatt stor politisk makt i Thailand. Offiserar frå hæren har utført statskupp i 1957, 1959, 1976 og 2006. 22. mai 2014 avsette hæren styresmaktene i Thailand og innsette offiserar i nasjonalforsamlinga. 21. august valde denne forsamlinga hærleiaren Prayuth Chan-ocha til ny statsminister. Generalen hadde sagt at det skulle haldast nasjonale val etter politiske reformer som kom til å ta minst eitt år å fullføra.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Army chief ridicules claim Thailand behind chemical attack in Japan». Bangkok Post. Henta 4. august 2019. 
  2. «Thailand's Junta Chief Chosen as Prime Minister». Voice of America. 21 August 2014. Henta 23. september 2014. 
Spire Denne militærartikkelen som har med samfunn og Thailand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.