Departementsråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Departementsråd er den øvste faste embetsmannen i eit norsk departement. Ein departementsråd er direkte underlagt sjefen for departementet, som er ein statsråd. Stillinga under departementsråd heiter ekspedisjonssjef.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Utanriksdepartementet er tittelen utanriksråd. Utanriksrådembetet blei oppretta i 1922.

Etter 8. mai 1945 blei det tilsett på førehand utpeika koordinatorer i departementa, som blei gitt tittelen «rådmann». Deira funksjonstid gjekk ut 13. desember 1945. Desse oppgåvene er tekne over av dei seinare oppretta stillingane som departementsrådar.

Embeta som finansråd i Finansdepartementet og forsvarsråd i Forsvarsdepartementet blei oppretta i 1952. Deira oppgåver er å vere administrative leiarar i dei respektive departementa, og å rådgje statsråden og regjeringa i høvesvis finanssaker og forsvarssaker.

Departementsrådane sine oppgåver er elles generelt å koordinere arbeidet i sitt departement og gje råd til statsråden.

Statsministerens kontor blir stillinga kalla regjeringsråd. Embetet som regjeringsråd vart oppretta 16. november 2001. Regjeringsråden si oppgåve er mellom anna å koordinere regjeringa sitt arbeid, og gje råd når det gjeld spørsmål om lovforslag eller traktatforslag er i samsvar med grunnprinsippa i den norske grunnlova.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]