Derwentwater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Derwentwater
innsjø
Derwent-water.jpg
Land Flag of England.svg England
Tilsig Derwent, Watendlath Beck, Brockle Beck
Utløp Derwent
Opphaldstid 55 dagar
Høgd over havet 75 moh.
Lengd 4,6[1] km
Breidd 1,91 km
Areal 5,2 km²
Middeldjupn 5,5 m
Største djupn 22 m
Volum 29 x 106
Kystlengd1 15,4 km
Koordinatar 54°35′N 3°09′WKoordinatar: 54°35′N 3°09′W
Øyar Fire større og ni små (13)
Map
Derwent Water
54°34′0″ N 3°9′0″ W
Wikimedia Commons: Derwent Water
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Derwentwater eller Derwent Water er ein av dei største innsjøane i Lake District nasjonalpark i Nordvest-England. Han ligg i Allerdale i Cumbria.

Innsjøen dekkjer delar av Borrowdale og ligg like sør for byen Keswick. Elva Derwent renn gjennom innsjøen. Han er om lag 4,5 km lang, 1,5 km brei og har eit areal på 5 km². På det djupaste er han 22 meter. Det ligg fleire øyar i innsjøen og ei av desse er busett. Derwent Island House er ein bustad frå 1700-talet og eigd av National Trust i dag.

Derwentcroped.jpg

Derwentwater er omringa av vakker natur med åsar (lokalt kalla fell) og mange av åssidene ned mot Derwentwater er skogkledde. Det går ein passasjerbåt på innsjøen. Fotturar i området kring innsjøen er òg populært.

Vegen Keswick—Borrowdale går langs austsida av innsjøen. Derwentwater gav namn til jarldømet Derwentwater.

Øyar i Derwentwater[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire øyar i Derwentwater, dei største av desse er Derwent Island, Lord's Island, St Herbert's Island, Rampsholme Island og Otterbield Island. St Herbert's Island har namn etter den heilage eremitten Herbert av Derwentwater.

Panoramabilete[endre | endre wikiteksten]

Derwent Water, Keswick - June 2009.jpg
Derwentwater frå nordsida nær Keswick
Derwent Water Panorama, Lake District - June 2009.jpg
Panoramabilete av Derwentwater frå Catbells på vestsida

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McNamara, Jane, Table of lake facts, Environment Agency of England og Wales, arkivert frå originalen 2009-06-28, henta 30. mars 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Derwentwater