Det ålandske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flagget til Åland, proporsjon 17:26.
Flagget frå 1922.

Det ålandske flagget, slik ein no kjenner det, vart vedteke av Ålands Landsting (sjølvstyreforsamlinga) i 1953 og godkjent av den finske presidenten i 1954. Det ålandske flagget fylgjer mønsteret til nordiske krossflagg. Letane mellomblå, gult og raudt er nøytt i samband med letane til det ålandske landskapvåpenet og det finske riksvåpenet. Flagget kan au tolkast som det svenske flagget med ein raudt kross i midten.

Flagget er i høvet 17:26. Dei blåe felta er 6:8 ved stongsida og 6:13 i den frie enden av flagget. Breidda til krossen svarer til 5 einingar der dei gule kantane svarer til 1,5 einingar kvar og den raude krossen 2 einingar.[1]

Flaggdagar[endre | endre wikiteksten]

Åland har tre offisielle flaggdagar:

  • 30 mars: dagen for feiring av Ålands demilitarisering og nøytralitet
  • siste sundag i april: flaggdagen til det ålandske flagget
  • 9 juni: Ålands sjølvstyredag

Lovgjeving[endre | endre wikiteksten]

Det ålandske flagget er lovregulert igjennom Landskapslag (1992:41) om Ålands flagga. Her vert forma fastsett, og det vert gjeve føresegner om korso ein skal nytta flagget. Flagglova seier at Ålands flagg kan nyttast som handelsflagg av fartøy som høyrer heime i landskapet. Fartøy som vert drivne av landskapsstyresmaktene er pålagde å føra det ålandske flagg. Lova gjev vidare føresegner om eit eige spesialflagg for fritidsfarkostar. Dette er seinare fastset til å ha splitt, og dessutan merket i båt- eller seglforeininga i øvre felt på stongsida av flagget.

I 2004 gav Landskapsregjeringa ut retningslinjer for letane i det ålandske flagget. Her vart det gjeve spesifikasjonar for letane i Natural Colour System, Pantone Matching System og CMYK.[2]

Tidlegare flagg[endre | endre wikiteksten]

Allereie i 1922 fanst det eit ålandsk flagg; det hadde ein vassrett gul stripe på blå duk, men vart ikkje offisielt vedteke. Dette flagget vart kjent som «trevådsflaggan». Forma vert forklart som det svenske flagget utan den vertikale krossarmen og viser eit av forsøka til den ålandske folkesetnaden om å verna den svenske kulturen sin og fremja tilhøyrsla til Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Det ålandske flagget