Åland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åland
sjølvstyrt område
Symbol
Land  Finland
Del av Nord-Europa, Norden
Hovudstad Mariehamn
Areal 1 582,93 km²
Folketal 30 144 (januar 2021)[1]
Språk svensk
Tidssone +2
Kart
Åland
60°15′N 20°00′E / 60.25°N 20°E / 60.25; 20
Wikimedia Commons: Åland

Åland (finsk Ahvenanmaa, «Åborlandet») er eit semi-autonomt, avmilitarisert øyrike og eit tidlegare len i Finland. Det finske landskapet har over 6 500 øyar som ligg inst i Austersjøen, mellom Sverige og Finland. Dei om lag 30 000 innbyggjarane er svenskspråklege. Hovudstaden og den einaste byen på Åland heiter Mariehamn og ligg på den største øya, Fasta Åland.

Sjølv om Åland ligg nærare Sverige både språkleg og geografisk, vart øyriket sett på som finsk då Finland sa seg sjølvstendig i 1917. Medan finsk nasjonalisme voks på fastlandet, vart ålendingane meir stolte av å vera svenske. Dei aksjonerte for å verta ein del av Sverige, og Finland svara med å byda dei autonom status i republikken. Konflikten er ein av dei få som vart løyste av Folkesambandet, som sa at Åland skulle verta ein autonom region i Finland, men at kulturen og språket deira måtte vernast. For å halda Åland ålandsk har øyane til dømes strenge reglar om kven som kan kjøpa og eiga land der. Samtidig gjorde ein internasjonal avtale øyriket til eit nøytralt og demilitarisert område.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Åland