Det Kongelige Biblioteks Have

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hagen til Det Kongelige Bibliotek med biblioteket i bakgrunnen

Det Kongelige Biblioteks Have, eller Bibliotekhaven – er eit hageanlegg på Slotsholmen i København. Det vart innvigd i 1920 på staden der den tidlegare Tøjhushavnen låg. Rundt hagen ligg Tøjhusmuseet, Det Kongelege Bibliotek og Provianthuset.

I 1863–1864 vart den gamle krigshamna til kong Kristian IV, Tøjhushavnen, kasta igjen etter å ha lege unytta i mange år. I åra etter vart det oppført fleire militære verkstadsbygningar på staden.

I 1898–1906 vart det oppført ein ny bygning til Det Kongelige Bibliotek på tomta etter teikningar av ppHans J. Holm]], og biblioteket flytta frå lokala i Frederik III sin gamle bibliotekbygning til den nye bygningen. I 1920 bygde hagearkitekten Jens Peder Andersen og arkitektane Thorvald Jørgensen og Johannes Magdahl Nielsen eit hageanlegg framfor biblioteket på det området der krigshamna tidlegare hadde lege. Eit lite basseng midt i hagen minner om hamna. I tillegg er det mura inn gamle fortøyingsringar frå krigshamna i muren ved enden av hagen.

To indre gardar og forarealet mot hamna er utforma av Edvard Glæsel.[1] I 1923 vart anlegget premiert av Foreningen til Hovedstadens Forskønnelse.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Edvard Glæsel frå Weilbachs kunstnarleksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det Kongelige Biblioteks Have