Det Kongelige Teater

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det Kongelige Teater

ArkitektVilhelm Dahlerup
Opna1874
Kart
Det Kongelige Teater
55°40′47″ N 12°35′10″ E

Det Kongelige Teater er det danske nasjonalteateret. Teateret ligg på Kongens Nytorv i København og vart fyrst skipa i 1748 med namnet Den danske Skueplads. Orkesteret Det Kongelige Kapel vart underlagt teateret om lag år 1770. Den Kongelige Ballet, formelt skipa i 1771, er også knytt til teateret.

Ein ny teaterbygning stod klar i 1874, og vart bygd tett inntil den gamle. Teateret rommar fleire scener og bygg og syner både skodespel, opera og ballett. Erik Jakobsen har vore direktør for teateret sidan 2007.

Det Kongelige Teater er freda.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fredningssag:Det Kongelige Teater frå Kulturstyrelsen
Spire Denne kulturartikkelen som har med Danmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.