Det Norske Bibelselskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bibelselskapets hus i Bernhard Getz' gate 3, Oslo

Det Norske Bibelselskap vart stifta i 1816 og er den eldste felleskyrkjelege organisasjonen i Noreg. Ein av grunnleggjarane var biskop Frederik Bech.

Bibelselskapet arbeider for å gje menneske Guds ord på et språk dei forstår og til ein pris dei kan betale. Gjennom United Bible Societies dannar Det Norske Bibelselskap saman med 141 andre nasjonale bibelselskap eit fellesskap som er medansvarleg for bibelarbeidet i over 200 land.

Bibelomsetjing[endre | endre wikiteksten]

I 1904 gav Bibelselskapet ut den første bibelomsetjinga som braut med det danske språket. Dei gav ut ei ny omsetjing på riksmål i 1930, og heile Bibelen vart utgjeven i ny bokmålsomsetjing i 1978. I 1899 vart Det nye testamentet trykt på nynorsk og i 1921 vart heile Bibelen omsett til nynorsk. Ei ny nynorskutgåve kom i 1938, og i 1978, samtidig med bokmålsutgåva, vart heile Bibelen utgjeven i ny omsetjing til nynorsk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]