Frederik Bech

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frederik Bech

Frederik Bech på eit måleri av August Eiebakke.
Statsborgarskap Danmark-Noreg, Noreg
Fødd 8. august 1758
Middelfart
Død

20. desember 1822 (64 år)
Oslo

Yrke politikar, teolog
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Frederik Bech på Commons

Frederik Julius Bech (4. august 175820. desember 1822) var ein dansk-norsk teolog og politikar. Han var biskop i Akershus Stift frå 1805 til 1822. I 1814 deltok han ved stormannsmøtet på Eidsvoll. Som primas i Den norske kyrkja krona han Karl Johan til norsk konge i Nidarosdomen i 1818.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bech var fødd i Middelfart på Fyn i Danmark. Student frå latinskulen i Odense i 1780. Han vart cand.theol. i 1783, og reiste så til Trondheim for å arbeide som huslærar hos oberst N. F. Krogh. Sidan var han lærar ved den borgarlege realskolen i Trondheim, og hadde samstundes presteleg tilsyn med sjukehus og tukthus. I 1794 vart han sokneprest i Ørland prestegjeld, og i 1798 residerande kapellan ved Nidarosdomen. År 1803 vart han sokneprest i Skogn. Året etter vart han tildelt den teologiske doktorgraden frå Universitetet i Kiel for ei mindre avhandling om Jesu mirakel.

I 1805 vart Bech utnemnd til biskop i Akershus stift. Dette tilsvara den gong dagens bispedømme Oslo, Hamar og Tunsberg, i tillegg til Telemark.

Bech var ein typisk opplysningsgeistleg. Han var levande oppteken av skulevesen og folkeoppplysning. Til det føremål skreiv han ei rekke pedagogiske skrifter, mellom anna En dydig Opdragelse, betragtet som Grunden til Staters sande Vel (1786) og Er det ligegyldigt hvorledes de ringere Stænder opdrage sine Børn? (1787). Skriftet Veiledning i at opdrage en sund, fornuftig, duelig og lykkelig Afkom var i fylgje Molland[1] den fyrste rettleiing i seksualundervisning i Danmark-Noreg. Som sokneprest på Ørlandet fekk Bech dobla talet på lærarar, og han oppretta også eit seminar for lærarutdanning i Trondheim. Han var også ein av initiativtakarane til Selskabet for Norges Vel. Salmonsen konversationsleksikon frå 1915 skriv fylgjande om Bech:

Han var administrativt anlagt og dygtig. Allerede i Trondhjem fik han Skolevæsenet forbedret, Lærerstandens Uddannelse og Lønningsforhold højnet, Fattigvæsenet ordnet paa en efter Omstændighederne mønstergyldig Maade, adskillige velgørende Indretninger sat i Gang med levedygtig Organisation.[2]

Bech var ein utprega rasjonalist, og hadde lite sans for Hans Nielsen Hauge og haugianarane. Han gav ut ein apologi mot Hauges verksemd i 1802, Raad og Advarsel imod Sværmerie og dets bedrøvelige Virkninger, og sende i 1806 også eit rundskriv til prestane i Akershus stift om korleis haugianismen kunne nedkjempast. Han var motstandar av å bruke politimakt mot haugianarane, og meinte typisk nok at rørsla best kunne motverkast gjennom auka folkeopplysning.

Bech ynskte å spele ei aktiv politisk rolle, men var ikkje konsekvent i haldningane sine. I 1814 var han først lojal mot Fredrik VI, så fylgde han Kristian Fredrik og støtta saman med Carsten Anker einevaldstanken på stormannsmøtet på Eidsvoll, men hausten same året under det overordentlege storting var han «Unionens og Svenskernes frasefyldte Advokat paa det overordentlige Storting og Karl Johan’s tilsyneladende varme Beundrer».

Han var den fyrste prokanslar for Universitetet i Oslo, og leia også «Oplysningscomitéen», det fyrste sjølvstendige forvaltningsorgan for kultursaker. I 1814 vart komiteen erstatta av Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Bech var også ein av grunnleggjarane av Det Norske Bibelselskap i 1816, og var formann i selskapet til han døydde.

Han mottok Nordstjerneordenens Storkors i 1815.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Molland, s. 28
  2. Salmonsen, s.799