Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia
Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia (eigentleg Det internasjonale tribunalet for straffeforfylging av personar ansvarlege for alvorlege brot på internasjonal humanitær lov gjorde på territoriet til det tidlegare Jugoslavia sidan 1991) (eng. International Criminal Tribunal for the former Yugoslavia, ICTY) er eit tribunal underlagt SN som har som ansvar å etterforske krigsforbrytingar i det tidlegare Jugoslavia og forfylgje jugoslaviske krigsforbrytarar. Tribunalet er ein ad hoc-domstol, og har sete i Haag.
Det vart oppretta gjennom Tryggingsrådet sin resolusjon 827 25. mai 1993. Det har jurisdiksjon over visse typar brotsverk gjorde i det tidlegare Jugoslavia sidan 1991; grove brot på Genève-konvensjonen av 1949, brot på folkeretten i krigen, folkemord og brotsverk mot menneska. Det kan berre forfylgje enkeltpersonar, ikkje organisasjonar eller regjeringar. Maksstraffa det kan dømme folk til er livsvarig fengsel. Ulike land har gått med på å fullbyrde straffene som tribunalet dømer til.
Tribunalet planlegg å bli ferdige med alle rettssaker innan utløpet av 2008 og alle ankesaker innan 2010.
Tribunalet har 1 200 tilsette.