Det jødiske året

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Detalj frå ein jødisk mellomalderkalender.

Det jødiske året er eit kombinert sol-/måneår — det vil seie at månadene blir rekna ut frå månefasar, og at justeringar er innlagde over tid for å sikre samsvar med solåret og årstidene.

Det jødiske året har desse månadene:

  1. Nisán eller abíb (aviv)
  2. Ijár
  3. Siván
  4. Tammúz
  5. Ab (av) eller menahém ab (menahém av)
  6. Elúl
  7. Tisjré (tisjri)
  8. Hesjván eller marhesjván
  9. Kislév
  10. Tebét (tevét)
  11. Sjebát (sjvat)
  12. Adár (i jødiske skotår: Adár I)
  13. (I jødiske skotår: Adár II)

Opphavleg vart månadene referert til med nummer («den sjuande månaden»), med unntak av den første månaden som er månaden for pesah (jødisk påske); denne månaden vart allereie i Mosebøkene kalla abíb. Dei noverande månadsnamna vart tekne i bruk under det babylonske eksilet.