Månad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Månen har gjeve namn og omtrentleg lengd til tidseininga månad.

Månad er ei tidseining mellom veke og år. I dei fleste kalendersystema varer ein månad om lag så lenge som ein månesyklus — derav namnet.

Månadstypar[endre | endre wikiteksten]

Borgarleg månad eller kalendermånad[endre | endre wikiteksten]

Observasjonsbasert astronomisk månad[endre | endre wikiteksten]

I samaritansk religion, karaisme og islam blir kvar månad primært rekna frå første dag av observert nymåne.

Justert astronomisk månad[endre | endre wikiteksten]

I vanleg (rabbanittisk) jødedom følgjer månadene månefasen, men med mindre justeringar for å unngå uheldige kombinasjonar av sjabbát og heilagdagar. Månadslengda er 29 eller 30 dagar. Kalenderen er utrekna på grunnlag av astronomiske data.

Standardisert solår-basert lunær månad[endre | endre wikiteksten]

I dei julianske og gregorianske kalendrane er månadene ikkje direkte grunna på månefasar, men på ei fast inndeling av solåret i tolv om lag jamlange månader som kvar varar i 28 til 31 dagar.

Ikkje-lunære månadssystem[endre | endre wikiteksten]

Bahaikalenderen deler året inn i 19 månader som kvar inneheld 19 dagar, med fire til fem skotdagar på slutten av kvart år.

Astronomiske definisjonar[endre | endre wikiteksten]

Anomalistisk månad[endre | endre wikiteksten]

Tida mellom to påfølgjande passasjar av månen gjennom perigeum til månen, som er det punktet då månen er nærast jorda. Denne lengda er 27 dagar, 13 timar, 18 minutt og 33 sekund.

Drakonisk månad[endre | endre wikiteksten]

Syner til passasje gjennom den oppstigande knuten til månebanen. Denne tida er 27 dagar, 5 timar, 5 minutt og 36 sekund.

Siderisk månad[endre | endre wikiteksten]

Ein siderisk månad er tida det tar for passasjen til månen gjennom timesirkelen til ei stjerne, som er eit fast punkt på himmelen. Denne tida tar 27 dagar, 7 timar, 43 minutt og 12 sekund.

Synodisk månad[endre | endre wikiteksten]

Ein synodisk månad er tida for fasevekslinga til månen eller omlaupstida til månen i forhold til timesirkelen gjennom sola. Denne tida er 29 dagar, 12 timar, 44 minutt og 3 sekund.

Tropisk månad[endre | endre wikiteksten]

Ein tropisk månad er tida mellom to påfølgjande passasjar av månen gjennom timesirkelen til vårjamdøgnspunktet. Denne tida er 27 dagar, 7 timar, 43 minutt og 5 sekund.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Måleiningar for tid
mikrosekund << millisekund << sekund << minutt << kvarter << time << dag << døgn<< veke << månad << kvartal << år << tiår