Det kvite huset i Washington, D.C.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det kvite huset i Washington
President Richard Nixon måtte i 1974 gå av etter Watergate-skandalen. Biletet syner presidentparet medan dei går mot helikopteretplenen utanfor det kvite huset

Det kvite huset (engelsk White House) er presidenten i USA sin embetsbustad, og viktigaste arbeidsstad. Namnet vert nokre gonger nytta om presidenten sitt kanselli (administrasjon). Det kvite huset ligg i nordvest i Washington D.C., på gateadressa 1600 Pennsylvania Avenue. Bygging av huset vart vedteke i 1790 og president George Washington og byplanleggjaren Pierre L'Enfant valde byggjestaden saman. Arkitekten vart vald i ein konkurranse med James Hoban som vinnar, og grunnsteinen vart lagd den 13. oktober 1792. James Hoban si formgjeving av huset tok utgangspunkt i Leinster House, eit slott i Dublin. Slottet er seinare vorte hovudsete for parlamentet i den irske republikken. Namnet det kvite huset vart først nytta av president Theodore Roosevelt i 1901.

Første gong ein president budde i huset var i 1800. I 1814, under 1812-krigen, brann huset så berre ytterveggane stod att, men huset vart atterreist og veggane vart måla kvite for å dekkja over merka etter brannen.

Frå 1949 til 1952 vart hust renovert av Harry S. Truman. Ein stor del av bygningsverket «Det kvite huset» er i dag under jorda. Komplekset inkluderer:

  • 132 rom
  • 35 baderom
  • 6 etasjar
  • 412 dører
  • 147 vindauge
  • 28 eldstader
  • 8 trapper
  • 3 heisar
  • ein tennisbane
  • ein bowlingbane
  • ein kinosal
  • ein løpebane
  • eit symjebasseng

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]