Det nære Austen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snever geografisk avgrensing av Det nære austen

Det nære Austen eller ’’Den nære Orienten’’ er ei nemning for landområda som tidlegare høyrde til Det ottomanske riket, i dag helst avløyst av omgrepet Sørvest-Asia.

Omgrepet har helst vore bruka av arkeologar, geografar og historikarar, mindre av journalistar og i politisk samanheng, om landområda Anatolia (den asiatiske delen av det moderne Tyrkia), Levanten (Asias kystland ved Middelhavet), Georgia, Armenia, og Mesopotamia (Irak og austre Syria). Det alternative omgrepet Midtausten, som gjerne vert føretrekt i politisk og økonomisk samanheng, vert ikkje bruka parallelt med dette omgrepet.

Omgrepet kjem frå engelsk og kom i bruk i Europa i 1890-åra. Den britiske arkeologen David George Hogarth definerte i boka The Nearer East (1902) området til også å omfatte Albania, Montenegro, sørdelen av Serbia og Bulgaria, Hellas, Egypt, heile Det ottomanske riket, heile den arabiske halvøya og vestre delen av Iran.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]