Det norske institutt i Roma for klassisk arkeologi og kunsthistorie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Det norske institutt i Roma)
Hopp til navigering Hopp til søk

Det norske institutt i Roma for klassisk arkeologi og kunsthistorie vart skipa 13. februar 1959 av Det akademiske kollegium ved Universitetet i Oslo, og er eit permanent senter i Roma for forsking, undervisning og formidling på fagfelta arkeologi og kunst- og kulturhistorie relatert til Italia og middelhavsområda. Under leiinga av professor Hans Peter L'Orange tok instituttet til med verksemda i eit husvære i Corso Vittorio Emmanuele 209, midt i sentrum av byen. I 1962 flytta senteret inn i sin eigen villa på Gianicolo-høgda. Økonomisk stønad og donasjonar frå mellom andre skipsreiarane Nils Astrup og Thomas Fearnley hadde bidrege til å etablere instituttet.

Instituttet vart opphavleg lagt under Det historisk-filosofiske fakultetet, og høyrer (etter omstruktureringa av universitetet) no inn under Det humanistiske fakultetet. Instituttet samlar forskarar og studentar frå ulike fag i studium av antikken og kva antikken har hatt å seie for vestleg kultur, religion, språk, litteratur og samfunnstilhøve heilt fram til i dag. Framfor alt er instituttet til for kunsthistorikarar og klassiske arkeologar, men òg for studentar og forskarar frå andre fagfelt som har særleg interesse for og tilknyting til kulturen og soga i middelhavsområdet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Internettsidene for Det norske institutt i Roma for klassisk arkeologi og kunsthistorie.