Det peruanske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nasjonalflagget
Flaggproporsjonar: 2:3

Peru sitt flagg vart utforma av José de San Martín i 1820 og tatt i bruk frå 1825.

Nasjonalflagget[endre | endre wikiteksten]

San Martín skal ha vore inspirert av synet av ein flokk flamingoar då han valde fargane.

Stats- og handelsflagget[endre | endre wikiteksten]

Stats- og handelsflagget

Stats- og handelsflagget er som nasjonalflagget i raudt og kvitt, men med tillegg av våpenskjoldet i sentrum. Det svarar til Noregs stats-, krigs- og orloggsflagg.

Annan informasjon[endre | endre wikiteksten]

Peru har òg eit presidentflagg som svarar til Noregs kongeflagg. Det har kvit bakgrunn, har riksvåpenet i sentrum og eit solbilete i kvart hjørne. Våpenskjoldet (og riksvåpenet) viser lamaen, chinchona-treet og hornet for ovnøgd som symbol for fauna, flora og naturressursar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Mauro Talocci, Alle verdens flagg, Boksenteret forlag 1995