Peru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
[endre]
República del Perú

(norsk: Peru, peruansk)

Det peruanske flagget Det peruanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Somos libres, seámoslo siempre»
Motto Libertad y Orden ('fridom og orden')
Geografisk plassering av Peru
Offisielle språk Spansk, quechua og aymara
Hovudstad Lima
Styresett
Republikk
Martin Vizcarra
Walter Martos Ruiz
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 285 216 km² (19.)
8,8 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
31 036 656 (43.)
24,1 /km² (154.)
Sjølvstende
Frå Spania
28. juli 1822
Nasjonaldag 28. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
385 400 mill. USD (46.)
12 500 USD (96.)
Valuta Sol
Tidssone UTC -5
Telefonkode +51
Toppnivådomene .pe


Peru er ein republikk i Sør-Amerika som har grense til Ecuador, Colombia, Chile, Brasil og Bolivia og kyst mot Stillehavet. Landet dekkjer ein del av Andesfjella og regnskogen i Amazonas. Titicacasjøen ligg på grensa mot Bolivia. Inkariket hadde kjerneområde i dagens Peru.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Peru er i dag om lag fem gonger så stort som Storbritannia, men då europearane kom, omfatta det i tillegg heile Bolivia og Ecuador, delar av Brasil og Colombia og mykje av Argentina og Chile.

I inkatida hadde riket dobbelt so lang kyst som no, men landet har framleis over 2 000 km open kystline mot Stillehavet.

Kart over Peru

Landet er delt på langs av dei høge Andesfjella. Mellom parallelle fjellkjeder ligg dalar med busetnader og høgfjellsplatå 3 000 – 4 000 meter over havet. Det høgaste fjellet i Peru er Huascarán, med 6 768 m.

Dei vestlege tørre slettene ved kysten (costa) er skilde frå Amazonasregnskogen i aust med Andesfjella i midten. På grensa til Bolivia ligg Titicacasjøen, den høgast liggjande seglbare sjøen i verda. Det høgaste fjellet er Huascarán med 6768 meter.

Frå fjella renn store vassmassar mot aust og sluttar seg til Amazonaselva. Berre nokre få elvar renn vestover mot Stillehavet.

Største byar[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane er Lima (9 886 647 innbyggjarar i 2012), Arequipa (869 351) og Trujillo (799 550).[1]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Peru er eit tropeland. Frå naturen si side har landet store variasjonar i landskapet, med tørr ørken ved kysten, tropisk regnskog i innlandet og snø- og isbredekte Andesfjell imellom. Vestkysten har ørkenklima med mindre enn 50 mm nedbør i året, og heile kystbeltet er difor ein kjempestor ørken. Austsida av Andesfjella får kring 2000-3000 mm i året. Det er ein umerkeleg overgang mellom den peruanske regnskogen og den brasilianske jungelen. Middeltemperaturen i jungelstrøka er omkring 27 °C året rundt. På kysten er den varmaste tida av året februar-mai med ein middeltemperatur på 20-25 °C, medan juli-september er kaldast med temperaturar kring 15-20 °C. Dette er relativt låge temperaturar for desse breiddegradene, noko som kjem av den kalde Perustraumen, som påverkar temperaturtilhøva.

Altiplano i Peru

År om anna kjem den varme havstraumen El Niño sørover langs Ecuador-kysten og skapar dramatiske forstyrringar i klimaet i heile landet. Dette skjer med ujamne mellomrom, vanlegvis kvart 2.–8. år, såkalla niño-år. Niño-straumen pressar på sørover og tvingar den nordgåande Humboldtstraumen med kaldt vatn til å dreia mot vest. Det varme vatnet tek livet av millionvis av fisk. Dette skapar ikkje sjeldan hungersnaud blant fiskarane på nordkysten. El Niño bringar òg med seg skybrott som får storflaumar til å koma ned frå fjella på vanlegvis tørre stader og gjera stor skade på kystlandet. 10234 kilometer i diameter langt

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fleire utdøydde sivilisasjonar har halde til i Peru. Over tusen år før Inka-indianarane kom ned til kystlandet, hadde mochicaane og andre sivilisasjonar bygt akveduktar og pyramidar der.

Hovudsetet til inkariket i Peru låg i Cuzco. Landet vart erobra av spanske conquistadorar i 1533. I 1821 vart Peru erklært uavhengig, men dei spanske styrkane vart ikkje overvunne før 1824.


Før-kolumbiansk tid[endre | endre wikiteksten]

Peru var heimstad til ulike pre-inkakulturar, mellom dei den eldste kjende kulturen på det amerikanske kontinentet, Norte Chico-sivilisasjonen som eksisterte mellom 3000 og 1800 f. Kr. Funna frå denne tida omfattar blant anna byen Caral 200 km nord for Lima, og er den eldste byen som er funnen på kontinentet. Han er datert til cirka 2600 f. Ks. Nazcakulturen eksisterte frå omtrent 200 f.kr. til 600 e. Kr. Inkariket, som hadde hovudsete i Cuzco, var det største riket på amerikansk jord som spanjolane møtte.

Spansk kolonitid[endre | endre wikiteksten]

Pizarro nådde kysten av Peru i 1527, men vende tilbake til Spania for å få kongeleg løyve til å erobra området med den rike høgkulturen der. Då han kom tilbake i 1532 var Inkariket i borgarkrig mellom dei to brørne Huáscar og Atahualpa. Samstundes hadde sjukdomar som europearane hadde ført med seg, særleg koppar, allereie svekka folkesetnaden. På kort tid lukkast Pizarro i å ta kontroll over heile Inkariket, og heile Peru var i 1538 under kontrollen til «conquistadorane». Landet blei eit visekongedømme i 1542 med Lima som hovudstad. Inkaene var likevel endå ikkje heilt overvunne; ikkje før i 1572 var den opne motstanden nedkjempa i det geografisk uoversiktlege landet. Større eller mindre opprør var likevel hyppige i heile kolonitida. Etterkvart blei Peru til det spanske administrasjonssenteret for det meste av det søramerikanske kontinentet. Ved sida av den administratiive tydinga var landet produsent av gull, sølv og tekstilar som blei eksporterte til Spania.

Napoleonskrigene hadde òg innverknad på Sør-Amerika med sjølvstendekrigar i mange land. Peru, med den lange tradisjonen sin som spansk administrativ senter, vart sentrumet til rojalistane på kontinentet. Difor byrja sjølvstendekampen i Peru forholdsvis seint, etter 1820.

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Peru erklærte sjølvstende frå Spania den 28. juli 1821 takka vera ein allianse mellom den argentinsk-chilenske hæren til José de San Martín og den storkolombianske hæren leia av Simón Bolívar. Det tok tre år før den spanske visekongen endeleg blei overvunnen den 9 desember 1824 i slaget ved Ayacucho. Dette var endepunktet for den spanske kolonitida i Sør-Amerika. Peru fekk ikkje sin første folkevalde president før i 1827. Frå 1836 til 1839 var Peru og Bolivia sameint i Peru-Bolivia-konføderasjonen, som først blei oppløyst etter ein væpna konflikt med Chile og Argentina. I desse åra heldt den politiske uroa fram, og hæren var ein viktig politisk faktor. I 1879 gjekk Peru og Bolivia igjen inn i ein allianse i kampen mot Chile i salpeterkrigen. Bolivia og Peru tapte krigen i 1883, og Peru tapte Arica til Chile. Først på byrjinga av 1900-talet blei det politiske stabilitet i landet. Stabiliteten varte til den andre presidentperioden til autoritære Augusto Leguía 1919-1930. Urolege år følgde, der eit svakt demokrati freista å hevda seg mot militæret og oligarkiet.

Militærdiktatur 1948-1979[endre | endre wikiteksten]

I 1948 tok militæret makta i eit kupp leia av Manuel A. Odría. Til trass for enkelte forsøk på å gjenreisa demokratiet ,som i presidentvalet i 1962, blei militæret verande ved makta. Militæret var antikommunistisk og undertrykte meiningsfridom og andre borgarrettar, og korrupsjonen blomstra. På slutten av 1970-talet hadde dårleg økonomisk styring ført landet ut i krise. Militæret var svekka, og det blei laga ein ny demokratisk grunnlov.

Demokrati etter 1979[endre | endre wikiteksten]

Den nye grunnlova blei innført i 1979 og demokratiske val gjennomførte året etter. Peru hadde framleis grunnleggjande problem. Aukande internasjonal gjeld og inflasjon gjorde økonomisk vekst vanskeleg. Dyrking av og handel med narkotika og opprørsrørsler som den maoistiske Sendero Luminoso forstyrra ei fredeleg utvikling. Det kom ikkje betring før presidentskapet til Alberto Fujimori (1990–2000). Til trass for ein autoritær stil, korrupsjon og menneskerettsbrot blei landet stabilisert og byrja ei positiv utvikling under han. Fujimori klarte òg å nøytralisera trusselen frå Sendero Luminoso. Fujimori måtte gå av i samband med presidentvalet 2000 og flykta til Japan. Han har seinare blitt henta tilbake til Peru og dømt for korrupsjon og menneskerettsbrot. Etter Fujimori blei Alejandro Toledo vald til president som den første i stillinga av urfolksopphav. Han blei følgd i stilllinga av Alan García i 2006. Under begge presidentane heldt den positive utviklinga i landet fram. Økonomien er blant dei raskast veksande i Sør-Amerika. Presidentane Pedro Pablo Kuczynski (2016–2018) og Martín Vizcarra (2018–2020) blei begge avsette etter riksrettsprosessar i kongressen. Grunngjevinga var m.a. korrupsjon.[2][3]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Peru har ein folkesetnad på 31,2 millionar menneske (folketeljing 2017).[4]

Anslegen fødselshyppigheit i 2018 var 17,6 per 1000 innbyggjarar, og døydelegheiten same året var anslått til 6,1 per 1000 innbyggjarar.[5] Folketalet er forventa å nå 40 millionar i 2050.[6] I 2019 budde 78,1 % av folkesetnaden i urbane område. Straumen av menneske til byane skapar store sosiale problem i Peru og folk manglar ein plass å bu, utdanning og helsetilbod.[treng kjelde]

Peru er eit multietnisk land som stammar frå ulike menneskegrupper som har vore i landet og kome til i løpet av dei siste 500 åra. Urfolk slo seg ned i dagens Per fleire tusenår før dei spanske conquistadorene kom til. Spanjolar og afrikanarar kom til i store mengder i kolonitida. Etter at Peru fekk sjølvstende frå Spania i 1821 kom europeiske innvandrarar i fleire bølgjer frå Italia, Spania, Frankrike, England og Tyskland. Etter 1850 kom arabarar, kinesarar og japanarar til.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Peru har ikkje nokon offisiell statsreligion, sjølv om konstitusjonen anerkjenner den historiske tydinga til den katolske trusretninga i utviklinga av landet. Religionsfridom er lovfesta, og det er forbode å diskriminera personar på grunn av religiøs overtyding. Den mest utbreidde religionen i Peru er kristendom, der katolisismen er den dominerande med ei tilslutting mellom 70 og 80 %. Andre kristne trussamfunn inkluderer protestantar, ortodokse kristne og mormonarar. Andre religionar som er etablerte i Peru er mellom anna buddhisme, jødedom og islam. Utøving av tradisjonelle førkolumbiske religionar finst òg, og mange praktiserer katolisisme blanda med element av tradisjonelle religionar. I 2018 blei krava om minimum 500 vaksne registrerte medlemmar for å kunna registrera eit trossamfunn fjerna.[7]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Peru er delt inn i 25 regionar (regiones; eintal: región). Desse regionane er delte i provinsar, som igjen består av distrikt. Det er 195 provinsar og 1933 distrikt i Peru. Området til houdstaden Lima blir kalla Lima Metropolitana og er ein provins, men ikkje del av ein region. Hovudstaden Lima ligg ikkje i regionen Lima.

Regionane i Peru

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Peru
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Peru