Det ville vesten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cowboyen er truleg det mest kjende symbolet på Det ville vesten. Her kring 1888.

Det ville vesten (eng. the Wild West) var ein periode mellom 1848 og 1890 i erobringa av det vestlege Nord-Amerika. Uttrykket er blitt kjent gjennom mange romanar, teikneseriar og filmar som er bygd over episodar frå denne tida.

Det heile byrja i 1848 etter eit stort gullfunn i California. Indianarane som alt budde der, vart drivne tilbake i områda Arizona, Colorado, Wyoming og Montana, og nybyggjarsamfunn voks opp i raskt tempo. Etter få år tvinga lovløysa fram ein slags primitiv rettsorden som vart handheva av ein væpna sheriff. I løpet av 1890-åra var det eigenlege Ville vesten gått over i historia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]