Detroit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Detroit
by
none
Land Flag of the United States.svg USA
Stat Michigan
Fylke Wayne County
Høgd 183 m
Areal 370,2 km²
Folketal 713 777 (2010)
Grunnlagd 1701
Tidssone EST
Wikimedia Commons: Detroit

Detroit er den største byen i delstaten Michigan i USA. Han har 886 675 innbyggjarar (2005), og er dermed den tiande største byen i USA. Detroit ligg i Wayne County.

Detroit er namngjeten som sentrum for bilindustrien i USA, og for musikkmiljøet i byen. Detroit har difor fått tilnamna «Motor City» og «Motown». Detroit er òg kjend for høg kriminalitet, han er ein av dei farlegaste byane i USA.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Detroit og naboområde. Foto: NASA
Detroit sentrum om kvelden.
Foto: Shawn Wilson

Byen har namnet «Detroit» på grunn av at han ligg ved Detroitelva (frå fransk «Rivière du Détroit», 'sund-elva'). Detroit ligg mellom to sjøar, Eriesjøen og St. Clair-sjøen.

Detroit har eit areal på 370,2 kvadratkilometer.

Klimaet i Detroit er typisk for Midtvesten, med kalde vintrar og varme somrar. Som ei følgje av nærleiken til dei store sjøane er det mykje snø i Detroit om vinteren.

Detroit ligg attmed grensa til Canada, og har tunnelsamband til byen Windsor på den andre sida av grensa.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Henry Ford starta bilselskapet Ford i Detroit i 1903, og i heile det tjuande hundreåret har byen vore hovudsetet for bilindustrien i USA. Dei to andre store bilprodusentane i landet, General Motors og DaimlerChrysler, held òg til i Detroit.

Tilbakegangen i bilindustrien har gjort at det dei siste åra har vorte mange arbeidslause industriarbeidarar i Detroit.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Det er toppnivålag i alle dei fire store idrettane i USA i Detroit. I ishockeyserien NHL speler laget Detroit Red Wings, og i basketballserien NBA speler laget Detroit Pistons. Detroit Lions er amerikansk fotball-laget i Detroit, og i baseball har Detroit laget Detroit Tigers. Detroit er ein av få byar i USA som har lag i både NFL, NHL, NBA og MLB.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Detroit

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Detroit frå Wikivoyage