Motown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Logo for Motown.

Motown er eit USA-amerikansk plateselskap. Det vart skipa av Berry Gordy jr. som Tamla Records den 12. januar 1959,[1][2] og vart ein del av Motown Record Corporation den 14. april 1960 i Detroit i Michigan.[3] Namnet er ei samantrekking av motor og town, som var eit kallenamn på Detroit. Motown spelte ei viktig rolle i raseintegrering av popmusikk som eit afroamerikansk-eigd plateselskap som stor suksess hos både svarte og kvite publikum. I 1960-åra var Motown og underselskapa (inkludert Tamla Motown, som merket heitte utafor USA) det selskapet som fekk størst suksess med det som vart kalla Motown Sound, eller Motown-stilen, ein form for poporientert soul. I 1960-åra fekk Motown særskild stor suksess med tanke på at det var eit lite selskap. 79 plater nådde topp 10 på Billboard Hot 100-lista mellom 1960 og 1969.[4]

Etter Detroit-opprøret i 1967, og tapet av låtskrivar- og produksjonsteamet Holland-Dozier-Holland same året på grunn av krangel om betaling, byrja Gordy å flytte Motown til Los Angeles. Flytteprosessen var ferdig i 1972 og Motown utvida til fjernsyns- og filmproduksjon, og vart verande eit sjølvstendig selskap fram til 28. juni 1994.

Selskapet vart så seld til MCA Inc. og seinare til PolyGram i 1994, før det igjen vart seld til etterfølgjaren til MCA Records, Universal Music Group, då desse kjøpte PolyGram i 1999.[1]

Motown var det meste av 2000-åra som ein del av dotterselskapet til Universal Music, Universal Motown, Universal Motown Republic Group, og hovudkvarteret var i New York City. Frå 2011 til 2014 var Motown ein del av The Island Def Jam Music Group-avdelinga til Universal Music.[5][6][7] 1. april 2014 annonserte Universal Music Group oppløysinga av Island Def Jam og Motown flytta attende til Los Angeles og vart driven under Capitol Music Group. Det vert no driven frå det kjende bygget Capitol Tower.[8]

I mange tiår var Motown det mest innbringande afroamerikanske føretaket i USA.

Motown-artistar[endre | endre wikiteksten]

1960-talet

1970-talet

1980-talet

1990-talet

2000-talet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Cruz, Gilbert (12 January 2009). «A Brief History of Motown». TIME. TIME Magazine. Henta 24. februar 2018. 
  2. «History - Classic Motown». Motown Records. Motown Records. Henta 24. februar 2018. 
  3. Woodford, Arthur M. (2001). This is Detroit, 1701 - 2001 (1 utg.). Detroit, Mich.: Wayne State Univ. Press. s. 198. ISBN 0-8143-2914-4. 
  4. The Sound of the City, Charlie Gillett, Sphere Books, 1971, p.247
  5. «Ethiopia Habtemariam Named Senior Vice President of Motown Records». Billboard.biz. August 10, 2011. Henta 24. februar 2018. 
  6. Ben Sisario, "A Young Music Executive Takes Over at Motown", New York Times, August 10, 2011. Mal:Webarchive
  7. «Brandon Creed Joins Universal Republic And Island Def Jam Motown». Universal Music. August 15, 2011. Henta 24. februar 2018. 
  8. «A revitalized Capitol Records forges a new path forward». LA Times. 2015-02-03. Henta 24. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]