Detroit
Detroit | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Michigan | ||
Fylke | Wayne County | ||
Del av | Rustbeltet | ||
Høgd | 183 m | ||
Areal | 370,2 km² | ||
Folketal | 713 777 (2010) | ||
Grunnlagd | 1701 | ||
Tidssone | EST | ||
Detroit 42°19′54″N 83°02′51″W / 42.331666666667°N 83.0475°W | |||
Wikimedia Commons: Detroit |
Detroit er den største byen i delstaten Michigan i USA. Han har 886 675 innbyggjarar (2005), og er dermed den tiande største byen i USA. Detroit ligg i Wayne County.
Detroit er namngjeten som sentrum for bilindustrien i USA, og for musikkmiljøet i byen. Detroit har difor fått tilnamna «Motor City» og «Motown». Detroit er òg kjend for høg kriminalitet, han er ein av dei farlegaste byane i USA.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Byen har namnet «Detroit» på grunn av at han ligg ved Detroitelva (frå fransk «Rivière du Détroit», 'sund-elva'). Detroit ligg mellom to sjøar, Eriesjøen og St. Clair-sjøen.
Detroit har eit areal på 370,2 kvadratkilometer.
Klimaet i Detroit er typisk for Midtvesten, med kalde vintrar og varme somrar. Som ei følgje av nærleiken til dei store sjøane er det mykje snø i Detroit om vinteren.
Detroit ligg attmed grensa til Canada, og har tunnelsamband til byen Windsor på den andre sida av grensa.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Henry Ford starta bilselskapet Ford i Detroit i 1903, og i heile det tjuande hundreåret har byen vore hovudsetet for bilindustrien i USA. Dei to andre store bilprodusentane i landet, General Motors og DaimlerChrysler, held òg til i Detroit.
Tilbakegangen i bilindustrien har gjort at det dei siste åra har vorte mange arbeidslause industriarbeidarar i Detroit.
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Det er toppnivålag i alle dei fire store idrettane i USA i Detroit. I ishockeyserien NHL speler laget Detroit Red Wings, og i basketballserien NBA speler laget Detroit Pistons. Detroit Lions er amerikansk fotball-laget i Detroit, og i baseball har Detroit laget Detroit Tigers. Detroit er ein av få byar i USA som har lag i både NFL, NHL, NBA og MLB.
Folk frå Detroit
[endre | endre wikiteksten]- Sixto Rodriguez (f. 1942), songar og låtskrivar kjend som «Rodriguez»[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Johnson, Scott (February 27, 2013). «Salta a la fama el rockero de origen mexicano Sixto Rodríguez, tras el Oscar a documental sobre él». El Sur Acapulco. El Sur Acapulco. Arkivert frå originalen August 9, 2016. Henta September 7, 2016.