Diamantsliping

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diamantpolering

Diamantsliping er sliping av rådiamanter som er klåre og fri for sprekk, til smykkesteinar. Diamantsliping krev spesialisert kunnskap, verktøy og teknikk sidan det er særs vanskeleg.

Det første lauget av diamantsliparar vart skipa i 1375 i Nürnberg i Tyskland, og førte til utvikla av forskjellige slipingar. Dette har to tydingar i høve diamantar. Den første gjeld forma: firkanta, oval osv. Den andre er knytt til den spesifikke kvaliteten til slipinga, og kvaliteten og prisen på diamanten varierer mykje på kvaliteten til slipinga. Sidan diamantar er eit av dei hardaste materiala som finst, vert det nytta spesielle diamantkledde flater til å slipe ned diamantar. Den første utviklinga i diamantsliping kom med diamantegga på siste halvdel av 1300-talet. Diamantegga følgjer den naturlege forma til ein åttesidig rådiamant, og gjer at minimalt går til spille.

Diamantsliping vert berre utført i eit fåtal byar i verda. Kring 80% av rådiamantane i verda vert handsama i Antwerpen i Belgia, og meir enn 50 % av handsama diamantar passerer òg gjennom denne byen. Andre viktige diamantsenter er Surat i staten Gujarat i India, Tel Aviv og New York City.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Diamond Industry». Henta 14. oktober 2010.