Tel Aviv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°4′N 34°47′E
Tel Aviv
תֵּל־אָבִיב
by
none  Frå venstre til høgre: Tel Aviv i soloppgang, Azrieli Sentral, Dizengoffplassen, Jaffa klokketårn, frå stranda i Gamlebyen
Frå venstre til høgre: Tel Aviv i soloppgang, Azrieli Sentral, Dizengoffplassen, Jaffa klokketårn, frå stranda i Gamlebyen
flagg
distrikt Tel Aviv
Storbyområde Gush Dan
høgd moh
koordinatar 32°4′N 34°47′E
Areal 52 km²
 - by 176 km²
 - storbyområde 1 516 km²
Folketal 414 600 (2013) [1]
 - by 1 318 300
 - storby 3 464 100
Tettleik 7 973 / km²
Grunnlagd 11. april 1909
borgarmeister Ron Huldai
Tidssone IST (UTC+2)
 - Sommartid IDT (UTC+3)
Postnummer 61999
Retningsnummer +972 (Israel) 3 (by)
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tel Aviv-Yafo
Nettstad: tel-aviv.gov.il

Tel Aviv (hebraisk skrift תֵּל־אָבִיב) er den nest største byen i Israel og det største storbyområdet, med eit folketal på høvesvis 414 600 og 3 464 100.[1] Han ligg ved Middelhavskysten sentralt og vest i Israel, i storbyområdet Gush Dan, der 42% av innbyggjarane i Israel bur. Han er òg den største og mest folkerike byen i Gush Dan.[2] Byen vert styrt av Tel Aviv-Yafo kommune. Sidan Dei sameinte nasjonane og alle andre land ikkje anerkjenner Jerusalem som hovudstaden i Israel, ligg mange av dei utanlandske ambassadane i Tel Aviv.[3]

Tel Aviv vart grunnlagd av det jødiske samfunnet i utkanten av den gamle hamnebyen Jaffa (hebraisk skrift יָפוֹ, arabisk يافا) i 1909. Jødisk immigrasjon gjorde at Tel Aviv raskt vart større enn Jaffa, som hadde ein majoritet av arabarar på den tida.[4] Tel Aviv og Jaffa vart slått saman til ein enkel kommune i 1950, to år etter staten Israel vart oppretta. Den kvite byen i Tel Aviv fekk status som verdsarvstad i 2003, og har den største konsentrasjonen av Bauhaus-bygningar i verda.[5][6]

Tel Aviv er eit teknologisk og økonomisk senter i landet, og her finn ein Tel Aviv-børsen, føretakskontor og forsking- og utviklingssenter.[7] Han er finanshovudstaden i landet og eit forretningssenter.[8] Tel Aviv har den nest største økonomien i Midtausten etter Dubai, og er den 31. dyraste byen i verda.[9] Med 2,5 millionar internasjonale vitjande kvart år, er Tel Aviv den femte mest vitja byen i Midtausten.[10] Han er kjend som «byen som aldri søv» og ein «partyhovustad» på grunn av det livlege utelivet, den dynamiske atmosfæren og den kjende 24-timarskulturen.[11][12]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Tel Aviv er det hebraiske namnet på Theodor Herzl-boka Altneuland, omsett frå tysk av Nahum Sokolow. Sokolow hadde teke namnet frå ein mesopotamisk stad nær byen Babylon som var nemnt i Esekiel: «Eg kom til dei bortførte i Tel-Abib, dei som budde attmed Kebar-elva og heldt til der. Og der sat eg hos dei i sju dagar, heilt lamslegen.»[13] Namnet vart valt i 1910 frå fleire forslag, inkludert «Herzliya». Det vart funnen høvande sidan det omfatta ideen om ein renessane i eit eldgamalt jødisk heimland. Aviv er hebraisk for «vår», og symboliserer fornying, og tel er ei menneskeskapt høgd som har oppståt ved at sivilisasjonar har bygd lag på lag oppå kvarandre, og symboliserer det eldgamle.[14]

Det finst fleire teoriar om namneopphavet til Jaffa eller Yafo på hebraisk. Somme trur at namnet kjem frå yafah eller yofi, som er hebraisk for «vakker» eller «venleik». Ei anna segn er at Jafet, son av Noa, grunnla byen og at han vart kalla opp etter han.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 לוח 3.- אוכלוסייה( 1), ביישובים שמנו מעל 2 000 תושבים( 2) ושאר אוכלוסייה כפרית Population (1) of localities numbering above 2 000 Residents (2) and other rural population. 
  2. «Localities, Population and Density per km²., by storbyområde and Selected Localities» (PDF). Statistical Abstract of Israel 2013. Israelsk statistisk sentralbyrå. http://www1.cbs.gov.il/reader/shnaton/templ_shnaton_e.html?num_tab=st02_25&CYear=2013. Henta 7. november 2013. 
  3. Jerusalem er hovudstaden under israelsk lov. Presidentbustaden, regjeringskontora, høsteretten og parlamentet (Knesset) ligg alle der. Den palestinske sjølvstyresmakta reknar Aust-Jerusalem som hovudstaden i sin framtidige stat. SN reknar ikkje Jerusalem som hovudstaden i Israel, og har ei stilling om at den endelege statusen til Jerusalem er avhengig av framtidige forhandlingar mellom Israel og Dei palestinske sjølvstyresmaktene Mal:PDFlink.
  4. 85% in 1922, 92% in 1931 (Census reports)
  5. «The White City of Tel Aviv» (PDF). UNESCO. http://whc.unesco.org/archive/advisory_body_evaluation/1096.pdf. Henta 3. september 2015. 
  6. Strimpel, Zoe (3. september 2015), Hip and happening in Tel Aviv, London, http://travel.timesonline.co.uk/tol/life_and_style/travel/holiday_type/breaks/article3370349.ece, henta 3. september 2015 
  7. «New Economy: Silisium Wadi». Wired. 16. april 1998. 
  8. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet GAWC
  9. Ami Sedghi (12. juni 2012). «Which is the world's most expensive city? Cost of living survey 2012 | News | guardian.co.uk». Guardian. http://www.guardian.co.uk/news/datablog/2012/jun/12/city-cost-of-living-2012-tokyo. Henta 3. september 2015. 
  10. Goldman, Yoel (12. juni 2012), MasterCard ranks Tel Aviv as fifth most visited city in the Middle East and Africa, The Times of Israel, http://www.timesofisrael.com/mastercard-ranks-tel-aviv-as-fifth-most-visited-city-in-middle-east-and-africa/, henta 12. juni 2012 
  11. The world's top 10 party towns, Sydney Morning Herald, 19. november 2009, http://www.smh.com.au/travel/the-worlds-top-10-party-towns-20091118-im4q.html, henta 19. november 2009 
  12. «Lonely Planet's top 10 cities for 2011». http://www.lonelyplanet.com/usa/new-york-city/travel-tips-and-articles/76165. Henta 31. oktober 2010. 
  13. Esekiel 3:15
  14. «Tel Aviv». Jewish Virtual Library. http://www.jewishvirtuallibrary.org/jsource/vie/Telaviv.html. Henta 3. september 2015. 
  15. «Jaffa». Jewish Virtual Library. http://www.jewishvirtuallibrary.org/jsource/Society_&_Culture/geo/jaffa.html. Henta 16. september 2012. 
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.