Diktsamling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forsida av 1986-utgåva av Lilje i blekkhus, ei diktsamling av Hans Kristiansen

Diktsamling er eit litterært verk som inneheld ulike dikt skrivne av ein eller fleire diktarar. Ei diktsamling kan vera ein måte å gje ut nye dikt på for ein forfattar, eller innehalda dikt som allereie er blitt gjevne ut ulike stader, som i aviser og tidsskrift.

Ei særskild form for diktsamling er dikt i samling (bokmål samlede dikt), ei komplett samling av produksjonen eller utgjevingane til ein diktar i ein viss periode eller gjennom heile forfattarskapen.[1] Ei anna form er dikt i utval eller antologi, som inneheld eit utval dikt av ein eller fleire forfattarar.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dikt i samling - Jakob Sande, Gyldendal, «No er ei utgåve med alle dikta her» ; Jon Fosse - Dikt i samling, Samlaget, arkivert frå originalen 23. mars 2016, henta 5. februar 2016, «Med denne jubileumsboka blir heile Jon Fosses diktforfattarskap presentert, saman med tidlegare upubliserte dikt.» ; Samlede dikt - Inger Hagerup, Aschehoug, «en samlet utgave av all Inger Hagerups lyrikk» [daud lenkje] Tanker om bok - Kolbein Falkeid: Samlede dikt, 30 November 2012, «Denne samlingen rommer hele hans lyriske forfatterskap» 
  2. «antologi» i Nynorskordboka.; Bruheim, Jan-Magnus: Dikt i utval, handlenett.no ; Olav H. Hauge - Mange års røynsle med pil og boge, Samlaget [daud lenkje]
Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.