Dillo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dillo icon

Dillo er ein liten (rundt 350kB), veldig rask og minimalistisk GPL-lisensiert nettlesar skrive i programmeringsspråket C med GTK. Fyrst utgjeven i desember 1999.

Nettlesaren er særs eigna for gamle og mindre datamaskinar (som til dømes Playstation 2) og integrerte system. I tillegg til å vera liten, er Dillo opptake av tryggleik, mellom anna er informasjonskapslar slege av til vanleg. Dillo finst til dei fleste POSIX-kompatible UNIX-system, som til dømes GNU/Linux, BSD og Mac OS X.

I versjon 0.8.6 stør ikkje Dillo CSS, Javascript eller Java. Det finst ikkje stønad for faner eller antialiasing av tekst, men det finst tredjeparts fiksar til dette.

Sist versjon (0.8.6) vart sleppt i mai 2006 og skal vera siste versjon som nyttar GTK. Neste versjon skal vera ei omskriving til FLTK, men han vert ikkje sleppt før prosjektet får pengar til vidare utvikling. Jorge sa Dillo ikkje ville verta vidare utvikla før dei hadde stønad frå føretak.