BSD

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

BSD er ei populær nemning på ei rekkje frie og ufrie operativsystem. BSD står for Berkeley Software Distribution, og er ein versjon av Unix-kjeldekoden som vart utvikla ved Berkeley-universitetet i California i USA. Sjølv om BSD-system held marginale brukarmassar på skrivebordsmarknaden, er dei mellom dei viktaste tenarsystema, og BSD-teknologi ligg til grunn for Mac OS X.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste frie BSD-variantane er FreeBSD, OpenBSD og NetBSD, som byggjer på versjon 4.4 av BSD-koden. Desse er har ISC- og BSD-lisensar, noko som tillèt dei som vil bruka kjeldekoden å gjera om lag kva dei vil, derimellom å lukka kjeldekoden til produkt som baserer seg på den lånte koden. Døme på at dette har vorte gjort, er TCP/IP-implementasjonen i Microsoft Windows-operativsystema. Mac OS X låner mange komponentar frå FreeBSD og 4.3-BSD, men kjernen i systemet er mikrokjernen XNU. Sun Microsystem sitt operativsystem Solaris byggjer på versjon 4.3 av den opphavlege BSD-koden. BSD/OS er ein kommersiell BSD-variant som ikkje vert utvikla lenger, men som er populær i tenarmarknaden.


BSD-versjonar
FreeBSD | NetBSD | OpenBSD