Dimitrij Bortnjanskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dimitrij Bortnjanskij
Бортнянский (1788).jpg
Fødd 28. oktober 1751
Hlukhiv
Død

10. oktober 1825
St. Petersburg

Dimitrij Bortnjanskij på Commons
Dmitrij Bortnjanskij

Dimitri Stepanovitsj Bortnjanskij[a] (28. oktober 175110. oktober 1825) var ein ukrainsk komponist som hovudsakleg var verksam i Russland. Han fekk stor påverknad på utviklinga den tyske kyrkjemusikken på 1800-talet.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bortnjanskij blei fødd i Gluchov i Guvernementet Tsjernigov. Som sjuåring flytte han til St. Petersburg for å synge i hoffkapellkoret. Han var elev av Baldassare Galuppi som var leiar av hoffkoret til tsaren frå 1765 til 1768. I 1769 reiste Bortnjanskij med Galuppi til Italia. Her hausta han stor fagnad for operaene Creonte (Venezia, 1776); Quinto Fabio (Modena, 1778) og Alcide (Venezia, 1778).

Bortnjanskij vendte attende til St. Petersburg i 1779. I 1796 utnemnde tsar Paul I han til statsråd og leiar av hoffsongarkapellet. Under leiinga hans utvikla koret seg til eit toppensemble i europeisk sammanhang. Bortnjanskij fekk i 1814 oppdraget å skrive offisiell versjon av Johannes Chrysostomos-liturgien for den russisk-ortodokse gudstenesta som skulle gjelde for heile Russland.

Kyrkjemusikken til Bortnjanskij omfattar over 100 motetter, kantater og liturgiske stykke og i denne knytte han saman russiske og vestlege element i ein polyfon stil han lærde i Italia. Bortnjanskij skreiv òg kammermusikk og klaversonater.

Bortnjanskij snakka ukrainsk, russisk, italiensk, fransk og tysk. I 1882 gav Pjotr Tsjajkovskij ut ei ti bind stor samleutgåve av Bortnjanskij sine kyrkjemusikkverk.

Bortnjanski døydde 28. september 1825 og er gravlagd på gravplassen ved Aleksandr Nevskij-klosteret i St. Petersburg.

I Russland blei tonespråket hans rekna som forelda og kritisert som «italiensk». Likevel har han vore mykje omtykt heilt fram til vår tid, da musikken er særs tilgjengeleg og kjenslelada.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk Дмитрий Степанович Бортнянский, ukrainsk Дмитро Степанович Бортнянський, Dmytro Stepanowytsch Bortnjanskyj

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]