Deutsche Nationalbibliothek
| Deutsche Nationalbibliothek | |||
| | |||
| | |||
| Skipa | 1912 | ||
|---|---|---|---|
| Hovudkontor | Frankfurt am Main, Leipzig | ||
| Land | Tyskland | ||
| Dagleg leiar | Frank Scholze, Klaus-Dieter Lehmann, Elisabeth Niggemann | ||
| Nettstad | https://www.dnb.de/ (tysk) | ||
Deutsche Nationalbibliothek (DNB) er Tyskland sitt nasjonalbibliotek og sentrale arkivbibliotek, og er samstundes det største tyske universalbiblioteket.
Institusjonen er lokalisert i Leipzig og Frankurt.

Historie
[endre | endre wikiteksten]På grunn av den føderale strukturen og den historiske utviklinga i det tyske språkområdet fram til 1912 fanst det lenge ikkje eit sentralt bibliotek. I staden hadde store tyske statar sine eigne statlege bibliotek, som Bayerische Staatsbibliothek i Bayern og Preußische Staatsbibliothek, dagens Staatsbibliothek zu Berlin - Preußischer Kulturbesitz i Preussen og andre.
Tidlege initiativ til eit sams tysk bibliotek i 1843 og 1848/49 vart avvist eller rann ut i sanda før stiftinga av arkivbiblioteket Deutsche Bücherei den 3. oktober 1912. Etter andre verdskrigen utvikla det seg et eige Deutsche Bibliothek i Frankfurt, medan Deutsche Bücherei heldt fram i DDR. Med samlinga av Tyskland vart Deutsche Bücherei og Deutsche Bibliothek slått saman til Die Deutsche Bibliothek. I 2006 blei oppgåvene for eit sentralt arkivbibliotek og nasjonalbibliografisk senter fastslått i lovs form og namnet endra til Deutsche Nationalbibliothek.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Gemeinsame Normdatei (GND)