Hopp til innhald

Dimitrovgrad i Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Dimitrovgrad.
Dimitrovgrad
Димитровград
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Uljanovsk oblast
Høgd 60 m
Areal 42 km²
Folketal 108 073 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1698
   Bystatus 1919
Postnummer 433500–433515
Retningsnummer (+7) 84235
Kart
Dimitrovgrad
54°14′00″N 49°35′00″E / 54.233333333333°N 49.583333333333°E / 54.233333333333; 49.583333333333
Wikimedia Commons: Dimitrovgrad, Russia

Dimitrovgrad (russisk Димитровгра́д) er ein by i Uljanovsk oblast i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Melekes, ei sideelv til Bolsjoj Tsjeremsjan, rundt 80 km aust for Uljanovsk.

Busetnaden vart grunnlagd i 1698 for arbeidarar ved det lokale destilleriet, som vart lagt ned i 1848. Han var formelt ein landsby til 1919. I 1897 var innbyggjartalet 8 500. Byen heitte Melekess etter byelva til 1972, då han vart omdøypt til Dimitrovgrad, etter den bulgarske kommunisten Georgi Dimitrov.

Næringslivet i Dimitrovgrad omfattar ein bildelprodusent (forgasserar og drivstoffpumper), ein teppeprodusent og ein produsent av kjemisk prosessutstyr. Den viktigaste verksemda i byen er Det føderale kjernefysiske forskningssenteret.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Dimitrovgrad i Russland