Sengilej
Sengilej Сенгилей | ||
---|---|---|
![]() | ||
Byvåpenet til Sengilej |
| |
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Uljanovsk oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1666 1943 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2005) |
8 100 | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Retningsnummer (tlf) | +7 84233 |
Sengilej (russisk Сенгиле́й) er ein by i Uljanovsk oblast i Russland med om lag 8 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre (vestre) breidda av Kujbysjev-reservoaret i elva Volga, rundt 50 km søraust for Uljanovsk.
Han vart grunnlagd i 1666 som ein defensiv militær utpost mot åtak frå nomadar. Det dannet seg etter kvart fleire slobodaer rundt utposten og på byrjinga av 1700-talet vart slobodaene Stanitsjnaja, Butyrskaja og Vybornaja slått saman til landsbyen Pokrovskoje (russisk: Покро́вское). I 1780 fekk landsbyen byrettar og namnet vart endra til Sengilej.
I 1925 mista Sengilej bystatusen og vart først rekna som landleg busetnad, men fekk seinare same år status som urbanliknande busetnad. Han fekk bystatus på nytt att i 1943.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sengilej» frå Wikipedia på bokmål, den 4. februar 2009.
