Hopp til innhald

Dimosthenis Tampakos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dimosthenis Tampakos
Fødenamn Δημοσθένης Ταμπάκος
Statsborgarskap Hellas
Fødd 12. november 1976 (47 år)
Thessaloníki
Idrett turn
Tok del i

gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's rings, Turn under Sommer-OL 2004 – Ringer menn

Dimosthenis Tampakos (fødd 12. november 1976) er ein gresk tidlegare turnar frå Thessaloniki. Han vart europameister, verdsmeister og til sist olympiameister, alt i ring-øvinga.

Frå 1998 til 2004 sanka Tampakos jamnt medaljar i internasjonale meisterskap og leikar, alle i ringar. Etter gull i EM 2000 i Bremen, fekk han sølv i Sydney-OL same året. I Turn-VM 2003 delte han fyrsteplassen i øvinga med Jordan Jovtsjev frå Bulgaria. År 2004 sikra han seg gullmedaljen ved EM i Ljubljana, tre månader seinare vann han den olympiske gullmedaljen i Athen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]