Ljubljana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ljubljana
Utsyn over LjubljanaFoto: Kjetil Ree
Utsyn over Ljubljana
Foto: Kjetil Ree
Byvåpenet til Ljubljana
Byvåpenet til Ljubljana


Plassering
Ljubljana is located in Slovenia
Ljubljana på kartet over Slovenia
Styresmakter
Land Flag of Slovenia.svg Slovenia
Først nemnd i 1144
Geografi
Flatevidd
 - By

275 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

267 920
  974,3 /km²
Koordinatar 46°03′5″N 14°30′20″EKoordinatar: 46°03′5″N 14°30′20″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) 01
Bilnummer LJ
Nettstad: www.ljubljana.si

Ljubljana (tysk Laibach) er hovudstaden i Slovenia og den største byen i landet. Han har om lag 270 000 innbyggjarar. Ljubljana er det kulturelle, vitskaplege, økonomiske, politiske og administrative senteret i landet. Gjennom historia har byen vorte prega av å ligge i overgangssonen mellom germansk, latinsk og slavisk kultur.

Byen ligg sentralt i Slovenia ved elva Ljubljanica, 10 kilometer frå denne elva sitt utløp i elva Sava.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ljubljana med Ljubljana borg
Sentrum
Nord i Ljubljan med Bežigrad og Kamnik-Alpane i bakgrunnen

Rundt år 2000 f.Kr. vart Ljubljanamyrene busett av folk som heldt til i trebygg på pålar. Desse menneska levde av jakt, fiske og primitivt jordbruk. For å kome seg rundt i myrene nytta dei kanoar laga av uthola trestammer. Seinare ko mange forskjellige stammer og folk gjennom området.[1] Landet vart først kolonisert av venetarar, etterfølgd av dei illyriske japodarane. På 2000-talet kom så den keltiske stamma tauriskarar.[1]

Rundt år 50 f.Kr. bygde romarane ein militærleir som seinare vart den permanente busetnaden Iulia Aemona (Emona).[2] Denne festninga vart okkupert av Legio XV Apollinaris.[3] I 452 vart han øydelagd av hunarar etter ordre frå Attila,[2] og seinare av austgotarar og langobardar.[4] Emona hadde fem-seks tusen innbyggjarar og spelote ei viktige rolle i mange av desse slaga. Mursteinshusa i forskjellige fargar var alt knytt til eit felles dreneringssystem.[2] På 500-talet flytta stamfedrane til slovenarane til området. På 800-talet kom dei under frankisk dominans, medan dei stadig vart angripe av madjarane.[5]

Namnet på byen, Luwigana, dukka for første gong opp i skriftlege kjelder i 1144.[4] På 1200-talet var byen delt inn i tre sonar: Stari trg («Gamleplassen»), Mestni trg («Byplassen») og Novi trg («Nyeplassen»).[5] I 1220 fekk Ljubljana bystatus og rettar til å prege sine eigne myntar.[5]

I 1270 vart Krain og Ljubljana erobra av kong Ottokar II av Böhmen.[5] Då han igjen vart slått av Rudolf av Habsburg,[4] tok sistnemnte byen i 1278.[5] Han fekk namnet Laibach og vart verande under huset Habsburg fram til 1797.[4] Det romersk-katolske bispedømet Ljubljana vart oppretta i 1461 og St. Nicholas-kyrkja vart ei domkyrkje.[5]

På 1400-talet vart Ljubljana kjend for kunsten som vart produsert her. Etter eit jordskjelv i 1511 vart byen bygd opp att i renessane stil og ein ny mur vart bygt rundt han.[6] På 1500-talet hadde byen rundt 5000 innbyggjarar, og 70% av dei hadde Slovensk som morsmål, medan resten hadde tysk.[6] I 1550 vart dei to første bøkene skrivne i Slovenia gjevne ut her. Det var ei katekisme og the first two books written in Slovene were published there: a catechism og ein abecedarium, etterfølgd av ei omsetjing av Bibelen. På denne tida hadde reformasjonen samla seg rundt byen. FLeire viktige lutherske forkynnarar levde og arbeidde rundt og i Ljubljana, som Primož Trubar, Adam Bohorič og Jurij Dalmatin. På denne tida vart den første vidaregåande skulen, offentlege biblioteket og trykkeriet opna i Ljubljana.[6] Ljubljana vart dermed det klart fremste senteret for slovensk kultur, ein posisjon byen har halde på sidan. I 1597 kom jesuittar til byen og oppretta ein ny vidaregåande skule, som seinare vart eit universitet. På slutten av 1600-talet dukka det opp barokk arkitektur då utanlandske arkitektar og skulptørar kom hit.[6]

Under napoleonskrigane vart Ljubljana frå 1809 til 1813 hovudstad i Dei illyriske provinsane.[4][7] I 1815 kom byen igjen inn under austerrikarane, og frå 1816 til 1849 var han ein del av Kongedømet Illyria. I 1831 var han vertskap for Laibachkongressen, der dei politiske landegrensene i Europa dei neste åra vart fastsett.[8] Det første toget kom til byen i 1849 frå Wien, og i 1857 vart toglinja strekt vidare til Trieste.[7] Ljubljana fekk elektrisk straum i 1898.[7] I 1895 vart Ljubljana, som då hadde 31 000 innbyggjarar, råka av eit kraftig jordskjelv som målte 6,1 på richterskalaen. 10 % av dei 1400 bygningane i byen vart øydelagde, men det gjekk få menneskeliv med i katastrofen. Under gjenoppbygginga som følgde vart mange av bydelane bygd opp i Art Nouveau-stil.[7]

I 1918, etter den første verdskrigen var over og Austerrike-Ungarn vart oppløyst, vart regionen ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare Jugoslavia).[4][9] I 1929 vart Ljubljana hovudstaden i Drava Banovina, ein provins i Kongedømet Jugoslavia.[10] I 1941, under den andre verdskrigen, okkuperte Italia byen, etterfølgd av Nazi-Tyskland i 1943.[9] I Ljubljan klarte okkupasjonsstyrkane å bygge sterke skansar og kommandosentralar for Quisling-organisasjonar før italienarane kom, den antikommunistiske frivillige militsen under Italia og Heimegarden under den tyske okkupasjonen. Byen vart omgjeve av 30 km lange piggtrådgjerder for å hindre samarbeid mellom motstandsrørsla (Frigjeringsfronten til det slovenske folket) i byen og jugoslaviske partisanar som opererte utanfor gjerda. Sidan 1985 har ein sti der gjerdet ein gong gjekk gått rundt heile byen.[11].

Etter den andre verdskrigen vart Ljubljana hovudstad i Sosialistrepublikken Slovenia, ein del av Jugoslavia, fram til 1991 då Slovenia fekk sjølvstende. Ljubljana vart verande hovudstad i Slovenia, som kom med i EU i 2004.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The First Settlers of Ljubljana». http://www.ljubljana.si/en/tourism/ljubljana/history/first-settlers/default.html. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «The Times of the Roman Emona». http://www.ljubljana.si/en/tourism/ljubljana/history/emona/default.html. 
  3. Hildegard Temporini og Wolfgang Haase, Aufstieg und Niedergang der römischen Welt. de Gruyter, 1988. ISBN 3-11-011893-9. Google Books, s.343
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 Daniel Mallinus, La Yougoslavie, Éd. Artis-Historia, Brussels, 1988, D/1988/0832/27, s. 37-39.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 «Ljubljana in the Middle Ages». http://www.ljubljana.si/en/tourism/ljubljana/history/middle-ages/default.html. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Reformation og Counter-reformation; Renaissance and Baroque». http://www.ljubljana.si/en/tourism/ljubljana/history/renaissance-baroque/default.html. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Ljubljana in the 18th and 19th Centuries». http://www.ljubljana.si/en/tourism/ljubljana/history/18th-19th/default.html. 
  8. «Introducing Ljubljana». http://www.ljubljana.si/en/tourism/ljubljana/general_info/introduction/default.html. 
  9. 9,0 9,1 9,2 «The Turbulent 20th Century». http://www.ljubljana.si/en/tourism/ljubljana/history/20th/default.html. 
  10. «Dans la Yougoslavie des Karageorgévitch». http://www.clio.fr/CHRONOLOGIE/chronologie_slovenie_dans_la_yougoslavie_des_karageorgevitch.asp. 
  11. «The Path of Remembrance and Comradeship». http://www.ljubljana-tourism.si/file/559602/2006-april-POT-SPOMINOV-IN-TOVARITVA-_2.pdf. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ljubljana