Hopp til innhald

Dingolfing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dingolfing
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Bayern
Region Niederbayern
Landkreis Dingolfing-Landau
Høgd 365 m
Areal 44 km²
Folketal 20 927 (31. desember 2023)
Postnummer 84130
Retningsnummer 08731
Bilnummer DGF
Kart
Dingolfing
48°38′00″N 12°30′00″E / 48.633333333333°N 12.5°E / 48.633333333333; 12.5
Wikimedia Commons: Dingolfing

Dingolfing er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 21 000 innbyggjarar. Han er administrativt sete i landkreisen Dingolfing-Landau.

Dingolfing ligg ved elva Isar, om lag 27 km aust for Landshut, 29 km sør for Straubing og 100 km nordaust for München. Isar deler byen i ein eldre historisk del og ein nyare, meir moderne del.

Den historiske delen av byen er delt i tre: Øvre, midtre og nedre Dingolfing.

Området som i dag vert kalla Dingolfing vart først nemnd som Tinguluinga i år 833.

I 1251 gav hertugen av Bayern, Otto II, byrettar til Dingolfing. Dingolfing voks mellom 1315 og 1600. I løpet av denne perioden var hovudnæringane hovudsakleg handel, fiske, lêrarbeid og produksjon av ullklede.

Den austerrikske arvefølgjekrigen førte til store øydeleggingar i byen og epidemiar tynna ut folketalet. Den 16. mai 1743 sette austerrikske troppar byen i brann, og store delar av han vart lagd i oske.

Mellom 1816 og 1817 oppstod det mange økonomiske problem som følgje av aukande prisar og avlingar som feila. Denne perioden vert rekna som lågpunktet i historia til byen.

Det vart bygd jernbane linje frå München til Praha via byen og mange nye vegar på midten av 1800-talet, og dette var eit vendepunktet for byen. På denne tida oppstod det òg mange nye industriar.

I 1905 vart det opna ein ny maskinbutikk som reparerte øydelagd jordbruksutstyr. Etter den andre verdskrigen byrja denne butikken å produsere scooterar og bilar. I 1950-åra starta fabrikken å produsere bilar for selskapet Glas. Bayerische Motoren Werke (BMW), som framleis held til i byen, kjøpte denne fabrikken i 1967.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dingolfing