Diofantos frå Alexandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diofantos frå Alexandria
Διόφαντος - Diophantos - ДИОФАНТ.jpg
Fødd3. hundreåret
Alexandria
Død3. hundreåret
NasjonalitetRomarriket
Områdetalteori
Yrkematematikar, skribent

Diofant, òg kjent som Diofantus av Alexandria (gresk: Διόφαντος ὁ Ἀλεξανδρεύς, levde kring 200/214 – kring 284/298) var ein gresk matematikar i den hellenistiske perioden. Det er lite som er kjent om livet hans, bortsett frå at han budde og virkte i Alexandria i Egypt. Han arbeidde i den greske matematiske tradisjonen, særleg innanfor talteori.

Tittelsida til ei latinsk utgåve av Arithmetica frå 1621, omsett av Claude Gaspard Bachet de Méziriac

Diofant blir ofte rekna som opphavet til algebraen, fordi hovudverket hans Arithmetica inneheld dei tidlegaste tilfella av det vi kallar synkopert algebra. Fleire av verka hans er derimot gått tapt, til dømes er det berre bevart seks av 13 bøker av hovudverket Arithmetica. Her prøver han å innføre eit algebraisk teiknspråk, handsamar likningar og likningssystem med stor dugleik, og gjev ikkje alltid slutningane sine i geometrisk form, som i den tidlegare greske perioden.

Mest kjend er undersøkingane hans av diofantiske eller uavgrensa likningar, der han avgjer heiltalige eller rasjonale løysingar av likningssystem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]