Dioritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dioritt

Dioritt er ein grovkorna djupbergart som hovudsakleg består av plagioklas og hornblende, eventuelt med biotitt eller pyroksen.

Monzodioritt inneheld i tillegg ein del alkalifeltspat, kvartsdioritt har større mengder kvarts og granodioritt har både kvarts og alkalifeltspat.

Tonalitt er namnet på ein kvartsdioritt frå Alpane. Ei liknande bergart frå dei norske fjella blir kalla trondhjemitt. Denne er nærskyld med oppdalitt, som er ein granodioritt.

Diorittiske bergartar er karakteristiske for fjellkjeder (i den geologiske tydinga av ordet). Dei er gjerne kvite eller grå, dei fleste har jamkorna (eugranittisk) struktur, men einskilde er porfyriske med strøkorn av plagioklas, hornblende eller biotitt. Lavabergarten som svarar til dioritt i samansetjing blir kalla andesitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dioritt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/dioritt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]