Direktør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Direktør er ofte tittel for eit medlem av ein direksjon eller den daglege leiaren for eit privat eller offentleg føretak. I føretak med fleire direktørar vil éin direktør verta administrerande direktør, generaldirektør e.l. og dei andre direktørane underordna denne.

Samansetjingar[endre | endre wikiteksten]

Tittelen direktør blir også brukt i samansetjingar, som f.eks. avdelingsdirektør, fagdirektør o.l.

Disponent[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare vart tittelen disponent også brukt med tilsvarande tyding. Disponent vart gjerne brukt for mindre verksemder, men er mindre vanleg i norsk språk i dag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!