Direkte stråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Direkte stråling er solstråling som går upåvirka gjennom atmosfæren til jordoverflata.

Om den synlege strålinga frå sola (lyset) hadde nådd jordoverflata berre ved direkte stråling, ville himmelen ha vore svart, og stjernene synlege òg om dagen.[1]

I lag med diffus stråling utgjer desse to globalstrålinga. Den diffuse strålinga gjer himmelen blå, og ikkje svart. Både globalstrålinga og forholdet mellom diffus og direkte stråling varierer med solhøgda, skydekket og forureining i atmosfæren.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kåre Utaaker (1991) Mikro- og lokalmeteorologi - Det atmosfæriske miljø på liten skala, s. 32 – Alma Mater Forlag. ISBN 82-419-0063-5.