Diffus stråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Diffus stråling er solstråling som er spreidd eller reflektert i forskjellige atmosfæriske komponentar. Skyer er den faktoren som medverker mest her.

I lag med den direkte strålinga utgjer desse to globalstrålinga. Både globalstrålinga og forholdet mellom den diffuse og direkte strålinga varierer med solhøgda, skydekket og forureining i atmosfæren. Den diffuse strålinga utgjer om lag 50 % av globalstrålinga i Bergensområdet, sjølv midt på sommaren, medan den berre er 15-20 % i solrike ørkenområde. Om vinteren utgjer den diffuse strålinga ein mykje større del av globalstrålinga, som då er mykje mindre enn om sommaren.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]