Direktoratet for naturforvalting
Utsjånad
(Omdirigert frå Direktoratet for naturforvaltning)
Direktoratet for naturforvalting (DN) var eit rådgjevande og utøvande statleg direktorat underlagt Miljøverndepartementet. Det hadde ansvaret for forvalting av natur i Noreg fram til det blei slått saman med Klima- og forurensningsdirektoratet til Miljødirektoratet den 1. juli 2013.[1]
Direktoratet blei oppretta som Direktoratet for jakt viltstell og ferskvannsfiske i 1965. Det endra namn til Direktoratet for naturforvalting i 1985.[2]
DN hadde ca. 350 tilsette og hadde kontor i Trondheim. Å forvalte naturen vil seie å arbeide for å ta vare på mangfaldet i naturen også for kommande generasjonar, å verne om dyr og plantar, å styrkje allmennretten og å etterkomme internasjonale pliktar som CITES.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Oppretter nytt «superdirektorat» for miljø – Aftenposten.no
- ↑ «Direktoratet for naturforvaltning» Arkivert 2015-04-14 ved Wayback Machine., nsd.uib.no
- Delar av denne artikkelen bygger på «Direktoratet for naturforvalting» frå Wikipedia på bokmål, den 14. april 2015.