Discoverer 1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Discoverer 1 var ein amerikansk satellitt. Han vart skoten opp 28. februar 1959 frå Vandenberg Air Force Base i USA. Satellitten var meint å gå inn i polbane, og ville vorte den fyrste satellitten til å gå inn i ein slik bane. Han var ein del av det løynlege Corona-programmet.

Satellitten hadde 15 telemetrikanalar til å senda data om kring 100 aspekt av ytinga til fartøyet. Instrumenta til satellitten vog 18 kilogram til saman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]