Diskant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Diskant (av mellomalderlatin discantus, 'songrøyst som skil seg ut frå andre') er ein musikalsk term for den øvste delen av songstemmer eller instrument.[1]

Opphavleg viste «diskant» til ei stemme som ein söng skild frå melodien og som låg høgare enn denne. Ei overstemme til melodien kan framleis kallast diskant.

Diskant kan også visa til den øvre delen av toneregisteret til menneskestemma, som motsats til bass om den nedre delen. Diskantrøyster viser dermed til høge røyster, som sopran og tenor, medan bassrøyster låge røyster. På same måte kan ein tala om diskantinstrument og bassinstrument.

I pipeorgel kan visse orgelstemmer vera delte i ein bass- og ein diskantdel, slik at ein kan ha ulik klangfarge i bass og diskant.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «diskant». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 19. august 2020.