Klangfarge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Klangfarge er eit omgrep nytta innan psykoakustikk og musikk for å skildra den subjektive opplevinga av lyden til individuelle instrument, eller eit orkester. Klangfarge er eit noko diffust omgrep som ikkje kan skildrast like presist som tone og lydtrykk. Klangfarga til eit instrument kan skildrast som mjuk, hard, rik, ullen, open, keisam, lys, mørk, skingrande, gjennomsiktig, dyster, fargelaus og så vidare[1].

Klangfarga vert bestemt av fleire ting, som kor mange overtonar lyden frå eit instrument inneheld, det relative tilhøvet mellom lydtrykket til grunntonen og dei ulike overtonane, kor snøgt lydtrykket til grunntonen og overtonane byggjer seg opp og døyr ut og så vidare. Grunntonen og dei ulike overtonane tek ikkje til heilt på same tid og den innbyrdes forseinkinga mellom dei har mykje å seia for klangfarga til dei ulike instrumenta. Talet på overtonar og korleis dei bygger seg opp og døyr ut kan variera både med instrumenttype og korleis det vert spela[1]. Nokre instrument, som trompet, saksofon og trompet har svært mange overtonar, medan andre, som valthorn, tuba og trombone har færre. Fiolinar har òg mange overtonar og i tillegg er det små variasjonar i frekvensane til dei[1].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Howard, D.M. og Angus, J., Acoustics and psychoacoustics, 3. utg., Focal Press, 2006.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.