Diskett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein 8,9, 13,3 og 20,3 cm (3,5, 5,25¼ og 8 ") diskettar.
Diskettstasjonar for dei tre diskettstorleikane.

Diskett eller datalefse er eit uttakbart magnetisk lagringsmedium. Informasjonen vert lagra på ei fleksibel skive med magnetiserbar overflate. Disketten vart plassert i ein diskettstasjonen for å lesast og skrivast. I dag vert det nytta minnepinnar i staden for diskettar og datamaskinar vert ikkje lenger leverte med diskettstasjon.

I dei eldste diskettane, med diameter på 20,3 og 13,3 cm, var den magnetiserbare skiva plassert i eit papphylster, medan dei nyare diskettane med diameter på 8,9 cm var plasserte i ein firkanta plastboks. Men innpakninga hadde ein opning for lese-/skrivehovudet, der støv og skit kunne koma inn og øydeleggje den magnetiserbare overflata. Diskettane var difor ikkje særleg pålitelege og det var ikkje uvanleg at informasjon gjekk tapt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.