Diskusjon:45 av Kino

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lyt ikkje "Sitar igral" setjast um med "Han spela på sitar" helder en "ein sitar spelte" i og med at det vert kjend i teksti at det er George Harrison som spelar sitar? - Ole Jakob

Nei, for resten, det er Ravi Shankar som spelar, George Harrison tener visst berre pengar på det...
Eg skal innrømme eg ikkje er heilt sikker. «Ein sitar spelte» er iallefall den engelske omsetjinga. Omsetjingar frå russisk vert ofte meir komplisert sidan dei manglar artiklane føre substantiva, «igral» tyder vel her at begge omsetjingane er korrekt? Altså at ein kan bruke både han, ho og det. --Frokor 23:57, 2 januar 2007 (CET)
Når eg tenkjer meg um eit par gonger, slær det meg at mi tolking ikkje er heilt god. "Han spela sitar" hadde vore beinaste umsetjingi dersom den russiske teksti var "Igral na sitare", medan "Sitar igral" vel ligg nærast "ein sitar/sitaren spela". "Igral" er hankynsform av verbet, som syner at subjektet er grammatiskt hankyn (som både "sitar" og "Ravi Shankar"), ev. biologiskt hankyn (som "Ravi Shankar"). Hokyn er "igrala" og inkjekyn "igralo", so korkje "ho" elder "det" høver. Storgildt at nokon tek fyre seg gruppa Kino, for resten! - Ole Jakob
Ja sjølvsagt er det fleire kjønn. Russisken min er ikkje akkurat på topp. Generelt sett er det ikkje så mange som har høyrt om Kino, så kjekt å sjå at fleire enn meg kjenner til denne store gruppa! --Frokor 01:17, 3 januar 2007 (CET)
Eg har alltid tenkt på det som "ein sitar spelte". Trur det måtte ha vore "igral na sitare" hvis det skulle vera nokon som spelte på han ja. Eg freista forresten ei omsetjing av "elektritsjka". Eg har diverre berre russisk-engelsk ordbok, der står det "electric train" --Barend 21:35, 4 januar 2007 (CET)
Eg har lest sett ei engelsk omsetjing som sa noko slik som «underground train», og eg har alltid tenkt at det t.d. er dei som køyrer rundt i undergrunnen i Moskva. Vert «forstadstog» rett då? --Frokor 22:44, 4 januar 2007 (CET)
Undergrunnstoga blir vel berre kalla "metro"? Ellers har engelsk wikipedia ein artikkel, en:elektrichka. Den eine elektritsjkaen eg har tatt, frå Petergof til St. Petersburg, kunne iallfall kallast forstadsbane. Men behagelig var han ikkje. --Barend 22:48, 4 januar 2007 (CET)

Russisk wikipedia angir forresten Boris Grebensjtsjikov som produsent for plata - nokon som kan klara opp i det?--Barend 21:37, 4 januar 2007 (CET)

Han var jo særs medverkande til at Kino vart starta og at dei fekk gjeve ut dette første albumet, så det kan godt stemme. Eg hadde håpa (og trudd) at russisk wikipedia skulle ha mykje meir om Kino enn det vetle dei har (nn-wiki har faktisk meir om Kino enn både engelsk og russisk faktisk), men eg vil jo tru at dei kanskje har rett? Dei var kanskje medverkande begge to, sidan Tropillo eigde studioet? Eg ser at Tropillo står oppført som produsent på dei første Akvarium-platene, som kom på same tid. Utover det veit eg rett og slett ikkje. --Frokor 22:41, 4 januar 2007 (CET)
Står det ikkje her så er det ikkje verd å vita. Eg får ta ein nærare titt når eg får tid - altså ikkje nett no. --Barend 22:48, 4 januar 2007 (CET)