Diskusjon:Amalie Skram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

God artikkel[endre wikiteksten]

Medalje

Denne artikkelen er blitt diskutert og røysta fram til ein god artikkel på Wikipedia. Under kan du sjå den arkiverte diskusjonen om artikkelen.

Amalie Skram[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Ein viktig artikkel som eg meiner eg har gjeve eit skikkeleg løft dei siste dagane. Nominasjonen eg gjer no er mest for å få artikkelen endå betre, det er viktigare for meg enn at han vert merka «god». Det hadde vore fint om nokon hadde greidd å skaffa bilete/skanningar av nokre av framsidene til originalutgåvene av bøkene hennar. Eg veit ikkje kor store sjansane er for dette … --EIRIK\diskusjon 1. mars 2009 kl. 19:34 (CET)

Men: ved nærare ettersyn: Det er heilt utenkjeleg at eit leksikon kan bruke ei særoppgåve frå ungdomsskolen som kjelde. Denne kjelda må skiftast ut, der det er naudsynt. --MHaugen (Orland) 1. mars 2009 kl. 20:28 (CET)
No har eg bytt ut dei fleste førekomstane av særoppgåvekjelda. Tre står att, og dei må eg nok på biblioteket for å sjekke. Den eine er spesielt vanskeleg, sitatet frå «eit brev mot slutten av livet hennar». Har dessutan fjerna understrekinga om kor viktig ho er og lagt til filmografi. Ser verkoppsettet greitt ut? --EIRIK\diskusjon 1. mars 2009 kl. 22:38 (CET)
Verkoppsettet er greit. Det er ei særoppgåvekjelde til som må vaskast ut, ser eg. Brevsitata er truleg henta frå Amalie Skram om seg selv, eller fra boka med brev mellom ho og Bjørnson. --MHaugen (Orland) 5. mars 2009 kl. 08:19 (CET)
Eg har leita ein del i begge no, men eg fann berre det eine, så framleis står det eitt sitat att med særoppgåvekjelda. Det er: «Jeg synes saa Synd i os alle sammen … Er vi ikke alle Produkter, som er og maa være, som vi er?» Det er forsåvidt ikkje så veldig viktig for samanhengen, så kanskje vi rett og slett skal kommentere det ut? Då vert vi iallfall kvitt den kjelda vi ikkje vil ha der. Kva synest de? --EIRIK\diskusjon 6. april 2009 kl. 21:50 (CEST)

Røysting[endre wikiteksten]

  • For For Fin balanse mellom liv og verk. Mogleg veikskap er tendensen til å stendig ville understreke at ho er ein viktig forfattar. Opplysninga om filmatiseringer bør konkretiseres. --MHaugen (Orland) 1. mars 2009 kl. 20:24 (CET)
  • For For Dette er ein artikkel me kan vere stolte av no! Hogne 9. mars 2009 kl. 14:37 (CET)
  • For For. Ein god artikkel som er betre enn same artikkelen på andre språk. Helsing frå Martin 9. mars 2009 kl. 17:05 (CET)
  • For For stykkjet 30. mai 2009 kl. 01:38 (CEST)
  • For For --Egil Arne 30. mai 2009 kl. 12:57 (CEST)
  • For For --Ranveig 30. mai 2009 kl. 14:31 (CEST)

Biografi[endre wikiteksten]

Eg har byrja på ei utviding av det som gjeld biografi på Brukar:Eirik/Amalie Skram, berre slik at vi ikkje gjer dobbeltarbeid. Elles er det fritt fram for alle å redigere på den sida òg. --EIRIK\diskusjon 7. februar 2009 kl. 20:10 (CET)

Eg legg han like godt nedanfor og håpar på å få med andre. --EIRIK\diskusjon 9. februar 2009 kl. 22:55 (CET)
No har eg fullført biografidelen og lagt han inn i hovudartikkelen. Det hadde vore fint å få tilbakemeldingar og endringar/rettingar i det slik at det vert endå betre. Eg har òg tenkt å ta tak i forfattarskapen hennar, slik at den delen av artikkelen forhåpentlegvis vert betre. --EIRIK\diskusjon 28. februar 2009 kl. 00:08 (CET)
Eg har skrive om 3-4 av bøkene hennes på nb:wp. Kan du bruke noko av det? --MHaugen (Orland) 28. februar 2009 kl. 09:44 (CET)
Takk for at du nemner det, Morten. Det er heilt sikkert noko av det eg kan bruke. --EIRIK\diskusjon 28. februar 2009 kl. 13:36 (CET)

Passar «Ettermæle» best som ein siste bolk under «Forfattarskapen» eller som ein eigen bolk? Grunnen til at eg lurer er at eg trur det vert vanskeleg å skrive så mykje om ettermælet at det kan «rettferdiggjere» ein eigen bolk. --EIRIK\diskusjon 28. februar 2009 kl. 13:36 (CET)

Eg synst det bør vere ein eigen bolk. Overskrifta "Ettermæle" er kanskje ikkje heilt god, men det er vel den vi har bruka i andre biografier. Knut 28. februar 2009 kl. 13:57 (CET)
"Seinare innverknad/omdøme" er kanskje betre? --Ranveig 28. februar 2009 kl. 14:34 (CET)
Eg har brukt nemninga Arven etter NN på ein eigen bolk, når eg har skrive lange artiklar på nb:wp (t.d. (Kittelsen, HMV, Nils Aas); der høver det å skrive om minnesmerke, museer, dramatisering av romanar, ettertida si vurdering, biografiar, nye perspektiv i samband med kvinnekampen på 70-talet osb. Mvh --MHaugen (Orland) 1. mars 2009 kl. 14:28 (CET)