Amalie Skram

God artikkel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amalie Skram

Pseudonym Amalie Mueller
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. august 1846
Bergen i Noreg
Død

15. mars 1905
København i Danmark

Yrke Forfattar
Rørsle Naturalisme, feminisme
Religion kristendom
Ektefelle Bernt Ulrik August Müller, Erik Skram
Born Ludvig Müller, Johanne Skram Knudsen, Jacob Worm-Müller
Amalie Skram på Commons

Amalie Skram (22. august 184615. mars 1905) er rekna for å vere ein av dei fremste naturalistiske forfattarane i Noreg. Skram var fødd på Askøy, men budde frå 1884 til ho døydde i København.

Skram er rekna for å vere ein av dei fremste forfattarane i «det moderne gjennombrotet», saman med mellom andre Alexander Kielland og Jonas Lie. I romanane sine gav ho fyrst og fremst ei kritisk framstilling av dei sosiale tilhøva i samtida si, men ho skreiv også om det indre livet. I det mest kjende verket hennar, Hellemyrsfolket (18871898), gjev ho klart uttrykk for den naturalistiske haldninga si, men i seinare verk som Sommer frå 1899 kjem det fram ein meir stemningsfull uttrykksmåte.

Frå ho debuterte i 1885 til ho døydde i 1905, gav Amalie Skram ut om lag 20 verk. Det meste er romanar, men noko er også noveller og skodespel. I tillegg skreiv Skram ei rekkje litteraturmeldingar i arbeidet sitt som kritikar. Nokre av verka hennar er også filmatiserte.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst[endre | endre wikiteksten]

Berthe Amalia (Alver), fødd 22. august, vart døypt i Bergen domkyrkje 27. september 1846.[1] Amalie budde den fyrste levetida si i Apotekersmauet i Bergen og deretter i Strandgaten.[2] Ho hadde åtte sysken, men berre fire av dei levde opp, og alle fire var gutar. Far hennar, Mons Monsen Alver, som var innflyttar, dreiv ein forretning i kjellaren i huset dei budde i. Mor hennar, Ingeborg Lovise Sivertsen, var dotter av ein lappeskomakar i Bergen. Det gjekk dårleg for verksemda til far til Amalie, og i 1863 gjekk han konkurs. Det var også rot i rekneskapen til verksemda, så han måtte i all hast reise til USA for å unngå å hamne i gjeldsfengsel.[3] Huset i Bergen vart selt på tvangsauksjon,[2] så resten av familien måtte flytte. Det var meininga at dei òg skulle kome over til USA når faren hadde fått seg jobb, men det ville ikkje mor til Amalie. Ho, Amalie og brørne til Amalie vart difor verande att i Bergen.

Mor til Amalie var svært oppteken av at ungane hennar skulle få ein god skulegang. Amalie fekk gå på den beste jenteskulen i byen, og to av brørne hennar gjekk på latinskulen, sjølv om familien verken hadde høg sosial status eller mykje pengar. Ho fortel sjølv at ho ikkje gjekk rett heim etter skulen som dei fleste andre ungane, men i staden vandra gatelangs eller følgde etter byoriginalar som «Småfylla» og «Tippe Tue».[3] Faren hennar prøvde gjentekne gonger å få med kona og ungane til USA, men klarte ikkje å overtale mor til Amalie. Nokre år seinare kom det melding om at han var død. Det har vore spekulert i om det var han sjølv som sende meldinga for å kunne starte eit nytt liv med ny kone og born, for 28 år seinare stod dødsannonsen hans i avisa. Mor til Amalie valde då å tru at dette var ei misforståing.[4]

Det fyrste ekteskapet[endre | endre wikiteksten]

Amalie Skram som ung.

I 1863 vart Amalie konfirmert, og på same tid møtte ho den ni år eldre skipsføraren Bernt Ulrik August Müller. Kort tid etter faren si reise vart ho forlova med han. I 1864, då ho var knapt 18 år gammal, gifte ho seg med han. Dette hende truleg etter press frå mora,[3] for familien til Müller hadde høg status, noko ho meinte var svært fordelaktig. Amalie vart ikkje lenge etter med mannen sin på ei lang reise til mellom anna Mexico og Jamaica. Då dei kom heim att, busette dei seg i Bergen igjen. Den fyrste sonen deira, Jacob, vart fødd i 1866, medan den andre, Ludvig August, kom til verda to år seinare. Amalie vart igjen med mannen sin på reise, og denne gongen var òg dei to ungane med. Reisa gjekk rundt heile jorda og varte frå 1869–1871. Ho greidde seg godt, sjølv om sjølivet til tider var hardt.

Etter at dei kom heim att til Bergen i 1871, vart Amalie radikalisert og gav opp det kristne livssynet sitt. Ho vart også med i eit amatørteater og skreiv den fyrste bokmeldinga si. Denne vart utgjeven anonymt i Bergens Tidende i 1877 og omhandla boka Fru Marie Grubbe av den naturalistiske forfattaren J.P. Jacobsen.[5] Avstanden til ektemannen vart større og større. Ho søkte skilsmisse frå han fordi han hadde vore utru, men svigerfamilien hennar prøvde å presse henne til å la vere, grunna den store oppsikta ei skilsmisse ville ha vekt på denne tida. Dette førte til at ho fekk nervesamanbrot, og difor vart lagd inn på Gaustad asyl i desember 1877.[6] Ho var der berre i om lag eit år, men ho flytta ikkje heim att til Bergen etter at ho vart utskriven. I staden budde ho hjå dei to brørne sine, fyrst hjå Wilhelm i Kragerø og deretter hjå Ludvig i Fredrikshald.[6] Seinare flytte ho til Kristiania. På denne tida skreiv ho ei rekkje litteraturmeldingar, spesielt av den nye naturalistiske litteraturen.

Det andre ekteskapet[endre | endre wikiteksten]

Amalie Skram fotografert av Peter Fristrup.

I 1882 møtte Amalie Alver den danske forfattaren Erik Skram i 50-årsdagen til Bjørnstjerne BjørnsonAulestad i Oppland.[4] Etter dette reiste dei til Kristiania og var der nokre dagar. Problemet var at Amalie budde i Kristiania og Erik i København. Dei møttest difor svært sjeldan før Amalie i 1884 gifte seg med den eitt år yngre Erik og flytte til København. På denne tida skaut karrieren til Amalie fart. Ho debuterte som romanforfattar med Constance Ring i 1885 i kommisjon hjå Huseby & co. i Kristiania. Boka skulle opphavleg utgjevast på Gyldendal i København og var ferdig trykt hjå dei då forleggjaren ville at ho skulle stryke nokre avsnitt som han meinte var støytande. Dette ville ho ikkje, og måtte difor betale trykkjeutgiftene sjølv hjå Huseby & co.[6] Ho fekk dermed ein vanskeleg start på forfattarkarrieren, og det var ikkje før med Professor Hieronimus i 1895 at ho fekk ei bok utgjeven på det prestisjetunge Gyldendalske Boghandels Forlag i København.

Amalie og Erik Skram delte det økonomiske ansvaret for familien og levde på mange måtar eit moderne liv. I 1889 fekk dei dottera Johanne.[6] Amalie var då 43 år gammal. Erik var ein god støttespelar for Amalie og ekteskapet deira hadde utan tvil mange gode periodar, men var også prega av mistru grunna Eriks utruskap. I 1894 lét ho seg difor leggje inn på Kommunehospitalets 6te Afdeling i København. Motvillig, men med tilråding frå legane og godkjenning frå mannen, vart ho etter kvart flytt til sinnssjukehuset Sct. Hans Hospital ved Roskilde.[4] Det var frå desse to opphalda ho henta inspirasjonen til dei to sinnssjukehusromanane, Professor Hieronimus og På Sct. Jørgen, begge frå 1895.

Då ho kom ut att frå Sct. Hans Hospital flytte Amalie tilbake til København, men ikkje til Erik. Ho flytte inn på ein liten kvisthybel nokre meter frå huset til Erik.[4] Der byrja ho igjen å skrive på nye romanar. Samtidig vart samlivet med Erik vanskelegare og vanskelegare, både fordi han hadde hatt eit anna forhold medan ho var innlagt og fordi han tidlegare hadde vore utru mot henne. I 1899 flytte dei difor frå kvarandre og tok ut separasjon.[6]

Dei siste åra[endre | endre wikiteksten]

Etter separasjonen frå Erik vart Amalie buande saman med dottera si. I 1899 skreiv ho òg ein artikkel i Verdens Gang, der ho uttrykte at ho var skuffa over den dårlege mottakinga som forfattar i Noreg og difor kalla seg ein «dansk forfattar».[6] To år etter fekk ho diktargasje frå Danmark etter avslag på fleire søknader til den norske staten.[6] Amalie Skram følte seg så avvist i Noreg at ho ynskte seg, og fekk, påskrifta «dansk Borger, dansk Undersaat og dansk Forfatter» på urna si. Likevel er det i Noreg ho i ettertid har fått mest merksemd for litteraturen sin, medan ho i dansk litteraturhistorie har ei langt mindre rolle. Ho døydde i 1905 med verket Mennesker ufullført.

Forfattarskapen[endre | endre wikiteksten]

Tema[endre | endre wikiteksten]

Amalie Skram var naturalist og oppteken av klasseskilnad, kvinneundertrykking og dobbeltmoral. Ho ville mellom anna klarleggje om psykologiske problem kom av arv og miljø, og om korleis den moderne legevitskapen kunne misbrukast. Den såkalla medkjensle-estetikken («medlidenhetens estetikk») står sentralt i mykje av det ho har skrive. Skram har òg skrive om ungar, mellom anna om kor avhengige dei er av dei vaksne rundt seg og korleis skilnader i gute- og jenteoppseding fører til ulike kjønnsroller.

Forfattarskapen hennar er i sterkare grad enn hjå andre diktarar frå 1880- og 1890-åra prega av ein djup pessimisme. Denne pessimismen har likevel med seg eit klart kritisk perspektiv, der kritikken mot tingleggjering, umenneskeleggjering og kvinneundertrykking i det framveksande kapitalistiske samfunnet står sentralt.[7] Samtidig viser ho ei gjennomgåande medkjensle for dei ho fortel om i bøkene sine, og det er nettopp dette som er sagt å vere den fremste litterære haldninga hennar. I eit brev mot slutten av livet sitt skreiv ho: «Jeg synes saa Synd i os alle sammen … Er vi ikke alle Produkter, som er og maa være, som vi er?»[8] Amalie Skram oppfordra også til å «Arbejde, Arbejde for at lindre».[6]

Ekteskapsromanane[endre | endre wikiteksten]

Ho debuterte i 1882 med novella «Madam Høiers Leiefolk», og fekk gjennombrotet sitt tre år seinare då Constance Ring blei utgjeven. Denne forteljinga danna etter kvart det vi kan kalle starten på ekteskapsromanane i forfattarskapen, saman med Lucie, Fru Inés og Forraadt. I desse romanane set Amalie Skram ekteskapet, og særleg seksualiteten sin plass i samlivet, under debatt. Ho skildrar følgjene av den store ulikskapen mellom menn og kvinner når det gjeld seksuell erfaring. Generelt er kvinnene ho skildrar uvitande om seksualiteten, medan mennene som kvinnene giftar seg med er eldre og har hatt erotiske erfaringar før ekteskapet. Skram kritiserer dobbeltmoralen i samfunnet der det er sosialt akseptabelt at mennene er utru medan kvinnene vert plasserte på sidelinja.

I Constance Ring (1885) møter ein den unge embetsmannsdottera Constance. Ho innleier forhold til tre ulike menn (ein forretningsmann, ein lege og ein musikar). Constance er heilt uvitande om seksualitet og reagerer avvisande på dei erotiske framstøta frå desse mennene. Livet vert etter kvart meiningslaust for henne, når ho finn ut at alle tre har ei anna elskarinne, og dette leier henne til sjølvmord. Kompleksiteten i boka har gjeve rom for mange ulike tolkingar av rolla Constance spelar. Det generelle temaet i boka er den mindreverdige rolla og mangelen på rettar kvinnene hadde i samtida til Amalie Skram. Boka gav henne ein vanskeleg økonomisk start på forfattarskapen, i og med at ho måtte betale trykkjeutgiftene sjølv.[6]

Lucie (1888) kan seiast å ha ei enklare romanform. Hovudpersonane er advokaten Theodor Gerner og kona hans Lucie. Ho var ei attraktiv og seksuelt erfaren kvinne som hadde vore dansarinne og elskarinna til Gerner før dei to gifte seg. Gerner er eldre enn Lucie, og er ein rik enkjemann. Klassebakgrunnen, erfaringane og forhistoriene deira gjer det vanskeleg for dei å møte kvarandre. Gerner sin sjalusi mot fortida til Lucie er ei drivkraft gjennom romanen. Korleis livskrafta hennar vert undertrykt er eit anna motiv. Etter ein krangel rømmer ho frå heimen, og vert overfallen og valdteken ute i byen. Då ho seinare i barselseng føder eit barn som har den same føflekken som valdtektsmannen, vert ho hysterisk og døyr fire døgn seinare. Romanen er ei tematisering av klasseskilje, og av seksualmoraldebatten i samtida hennar, som mellom anna var komen til uttrykk i romanen Albertine av Christian Krohg to år tidlegare.

Fru Inés (1891) handlar om Inés, som er spansk og gift med ein «rik, brutal og pervers gammel svenske»[9] med namn von Ribbing; paret bur i Konstantinopel. Inés søkjer å forstå sin eigen feminitet og seksualitet, særleg hennar manglande evne til seksuell nyting. Romanen vert karakterisert som «den dristigste og også dystreste utforskningen av frigiditetens årsaker og av den kokette kvinnens følelsesliv».[10] Eit forhold som ho innleier til ein ung engelskmann fører henne ikkje vidare, men endar tvert imot med at begge døyr. Selv om det finst skjematiske trekk ved romanen, rekna Skram han sjølv blant det finaste ho hadde skrive.[11] Fru Inés fekk lita merksemd i samtida til Skram, men har seinare fått fornya aktualitet.[6]

Forraadt (1892) har vorte skildra som den kunstnarisk beste romanen til Amalie Skram.[6] Denne handlar også om eit ulukkeleg ekteskap, denne gongen mellom barnebruda Aurora, kalla Ory, som 17 år gammal giftar seg med den 32 år gamle skipskapteinen Riber. Store delar av handlinga i boka går føre seg til sjøs. Ory er uvitande om den seksuelle sida ved ekteskapet, og sjokket då ho oppdagar denne gjer at ho hemnar seg ved stadige utspørjingar av mannen om det tidlegare livet hans. I byrjinga er det Ory lesaren får medkjensle med og oppfattar som offer, men etter kvart som Ory si utspørjing av mannen vert meir og meir nådelaus, ser ein også ulukka hans. Riber vert søvnlaus, fortvila og byrjar å drikke. Etter kvart mistar han kontrollen. Det heile endar med at han kastar seg over bord med ein møllestein om halsen.

Hellemyrsfolket[endre | endre wikiteksten]

Det ho i ettertid er mest kjend for, er slektsromanane om HellemyrsfolketSjur Gabriel, To Venner, S.G. Myre og Afkom. Her skildrar ho ein familie frå Nordhordland i fleire generasjonar, og lausriv seg frå eigne erfaringar og opplevingar som bakgrunn for skrivinga. Føremålet med verket skriv ho om i eit brev til Bjørnstjerne Bjørnson frå 1898: «Jeg vilde prøve at vise hvordan det i det virkelige liv kunde gå til at nogle blev tyve og lovovertrædere mens så mange ikke blev det.»[12] Romanane om Hellemyrsfolket følgjer den konsekvent naturalistiske haldninga hennar og er i likskap med ekteskapsromanane djupt pessimistiske. Det som kjem spesielt fram i desse bøkene er miljøet sin determinerte verknad på enkeltmenneska. Ho stiller spørsmål om personane ville ha hatt andre og betre liv om dei hadde handla eller vald annleis, eller om dei er heilt determinerte.

Den fyrste av dei fire bøkene, Sjur Gabriel (1887), skildrar livet til det fattige gardbrukarparet Oline og Sjur Gabriel i 1820-åra[13] på garden Hellemyren, rett nord for Bergen. Oline har eit høgt alkoholforbruk og er ofte full, og familien slit dag og natt. Då Oline må på sjukehus og Sjur Gabriel må passe ungane heime, utviklar han eit spesielt forhold til yngstesonen Vesle-Gabriel. Då denne sonen døyr etter ei tids sjukdom, tek også Sjur Gabriel til å drikke. Boka sluttar med setninga «Fra den dag av drakk både mann og kone på Hellemyren.»

I To Venner, som kom ut seinare same år, følgjer lesaren det eldste barnebarnet til Oline og Sjur Gabriel, Sivert. Handlinga i romanen går føre seg i byrjinga av 1850-åra og tek opp Sivert si skam over bestemora Oline som no går rundt i bergensgatene under namnet «Småfylla». Han er ein sjøroman, sidan mesteparten av handlinga går føre seg til sjøs, då Sivert dreg ut med barken «To Venner» for å kome seg vekk frå den drikkfeldige Oline.

Handlinga i den tredje boka, S.G. Myhre (1890), går føre seg nokre år seinare. Også i den følgjer lesaren Sivert, som no er komen heim att og arbeider som handelsbetjent. Men etter kvart mistar han jobben hjå kjøpmann Munthe fordi han har vore for nærgåande med dottera. Han får då hjelp til å starte opp sin eigen butikk, mot at han giftar seg med Petra Frimann. Sivert vert seinare vitne til at bestefaren Sjur Gabriel døyr. For å unngå eit pinleg opptrinn med Oline/«Småfylla», slår han henne, slik Sjur Gabriel pleidde å gjere. Dette vart eit døyeleg slag for bestemor til Sivert, men det vert ikkje oppdaga.

Afkom (1898), det fjerde og siste bindet i serien om Hellemyrsfolket, handlar om ungane til Sivert, Fie og Severin. Handlinga går føre seg i 1870-åra og tek opp kontrasten mellom familien Myre og den rike konsulfamilien Smith. Særleg sterkt får ungane til Sivert oppleve denne skilnaden, gjennom omgang med konsulfamilien. Severin tek livet sitt etter å ha vorte oppdaga medan han stel frå den beste venen sin, medan Fie vert gifta bort til ein mann ho hatar. Men heller ikkje familien Smith lever problemfrie liv. Dei mistar nemleg den kjæraste dottera si.

Skram skal òg ha byrja å skrive på eit femte bind som ho kalla Afkoms Afkom, men dette vart aldri fullført.[14]

Sinnssjukehusromanane[endre | endre wikiteksten]

Endeleg stiller også dei to romanane som skildrar psykiatriske lidingar og psykiatriske institusjonar ei gruppe innanfor forfattarskapen. Professor Hieronimus og På Sct. Jørgen er banebrytande for norsk litteratur. For fyrste gong stiftar lesaren kjennskap med dei psykiatriske forholda i samtida. Romanane er sagt å vere svært sjølvbiografiske fordi ho tek utgangspunkt i si eiga tid på sinnssjukehus i 1890-åra. Målet med bøkene er fyrst og fremst å setje fokus på moglegheita legar har til å misbruke makt og autoritet. Professor Hieronimus vart utgjeven på det velrenommerte Gyldendalske Boghandels Forlag i København og gav dermed Amalie Skram eit mykje større publikum enn tidlegare.

I Professor Hieronimus (1895) møter lesaren kunstnaren Else Kant som oppsøkjer den kjende professor Hieronimus. Ho er nær eit samanbrot grunna presset med å vere både hustru, mor og kunstnar. I staden for å få den hjelpa ho ynskte, vert ho lagd inn på lukka avdeling på eit sinnssjukehus. Modellen for Hieronimus er Amalie Skram sin eigen lege, Pontoppidan.

På Sct. Jørgen som vart utgjeven same år er eit direkte framhald av Professor Hieronimus og handlar om tida då Else Kant var innlagd på sinnssjukehuset Sct. Jørgen og korleis ho prøver å få legane til å forstå at ho ikkje er sinnssjuk og difor ikkje har noko der å gjere.

Andre verk[endre | endre wikiteksten]

Utover dei mest kjende verka av Amalie Skram, må det nemnast at ho var ein svært produktiv skribent. Romanar, noveller og forteljingar var hovudengasjementet hennar, men ho var også ein dyktig kritikar og litteraturmeldar, spesielt før ho fekk det verkelege gjennombrotet sitt med Constance Ring.

Amalie Skram vart sterkt gripen av Den bortkomne Faderen av Arne Garborg, og ho omsette boka til dansk.[15]

Amalie Skram heldt fram med å skrive heilt til ho døydde i 1905, 58 år gammal. Dei siste åra gav ho heftevis ut det som skulle verte den siste romanen hennar, Mennesker. Denne står som det siste og ufullførte verket hennar. Tonen er langt lysare enn det ein kunne vente av ei aldrande, sjuk og deprimert Amalie Skram.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1949 vart det avduka ein statue av Amalie Skram i bronse. Denne står i KlosterhagenNordnes i Bergen og er laga av Maja Refsum.

Feminismen i 1970-åra gav diktinga til Amalie Skram ein renessanse. I tiåret som følgde vart alle verka hennar utgjevne på nytt. Interessa førte til ei revurdering av både av ekteskaps- og sinnssjukehusromanane og dei mindre kjende tekstane hennar.[16] Dette hadde samanheng med det sosiale engasjementet i samtida, og fordi Amalie Skram med stor sosial og psykologisk innsikt synleggjorde sider ved livet som andre forfattarar tagde om.[7] Slik kan ein seie at Amalie Skram hadde ein sterkare posisjon som sentral norsk forfattar mot slutten av 1900-talet enn ho hadde ved byrjinga.

Gunnar Staalesen har i to omgangar dramatisert delar av Hellemyrsfolket for Den Nationale Scene: Hellemyrsfolket i 1992, etter det fyrste bindet i verket, og Sivert Skuteløs i 1994 etter To Venner.[17]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • Formynderne, 1978 (basert på Professor Hieronimus og På Sct. Jørgen)
  • Lucie, 1979 (basert på romanen med same namn)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fødte og døpte kvinner 1846», s. 213 i Ministerialbok nr. B 2 (1841-1851) frå Domkirken.
  2. 2,0 2,1 «Stakkars Amalie». Lydklipp frå NRK på nettsidene til Danmarks Radio om oppveksten til Amalie Skram.
  3. 3,0 3,1 3,2 Gunnar Staalesen, «Arven fra Amalie Arkivert 2014-06-05 ved Wayback Machine.», opphavleg utgjeven i Bergens Tidende 24. august 1996.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Amalie Skram - Den femte "store"» av Carsten Gulheim, 2004.
  5. «Amalie Skram-bibliografi» ved Liv Glasser. I: Amalie - silkestrilen sin datter. Pax forlag, 1996. ISBN 82-530-1830-4
  6. 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 «Skram, Amalie» av Irene Engelstad i Norsk Biografisk Leksikon; bind 8, Sand-Sundquist (Kunnskapsforlaget, 2004) (www).
  7. 7,0 7,1 Jon Elster i Pax Leksikon, Oslo 1980. ISBN 82-530-1234-9
  8. «Seroppgåva om Amalie Skram» av Karl Ove Hufthammer.
  9. Sitat frå Norges litteraturhistorie, 1975.
  10. Norsk kvinnelitteraturhistorie – bd. 2, s. 194.
  11. «[J]eg setter den på en måte høyest av hva jeg har skrevet», sitert etter Norges litteraturhistorie.
  12. Sitert etter eit brev til Bjørnstjerne Bjørnson datert 12. november 1898 i Amalie Skram om seg selv av Irene Engelstad, s. 176 (Stabekk: Den Norske Bokklubben, 1981)
  13. «'Sjur Gabriel' av Amalie Skram Arkivert 2007-10-13 ved Wayback Machine.» på nettstaden til Bok og samfunn av Jorid Mathiassen (11.06.2007)
  14. «Bilder fra Bergen – temaer fra byens historie 1850 - 1905 Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.» av Knut Rommetveit, 2004.
  15. «Skram, Bertha Amalie Alver» av Johs. A. Dale i Norsk Allkunnebok - IX. bandet, s. 1172 (Oslo: Fonna Forlag, 1959).
  16. «Den nye kvinnelitteraturen i Norge Arkivert 2014-12-15 ved Wayback Machine.» av Janneke Øverland.
  17. «Sivert Skuteløs» på vargveum.no.