Diskusjon:Anders Lange

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein anonym bokmålsbrukar har utan vidare fjerna ei setning om Anders Lange sitt forhold til fascismen. Men dei historiske fakta tilseier at setninga bør gjenopprettast. (Setninga som vart tatt bort påstår elles ikkje noko om realitetane, men viser berre til at nokon har kritisert Lange for eit positivt syn på fascismen.) Grunnleggjaren av ALP/Frp sa sjølv dette om sitt forhold til fascismen: "Jeg hadde i begynnelsen av 30-årene en sterk sympati for fascismen. I våre hjerter gikk alle vi unge som siden har havnet i Høyres ledelse inn for fascismen og studerte kooperasjonsstaten Italien." (Sitat henta frå Norsk Skoleforum.) --Erling 18. april 2006 kl. 11:16 (UTC)

Har du ei lengre kjeldetilvising? Elles er det jo rett at han blei skulda for dette. Kor relevante sympatiane hans i mellomkrigstida var i den politiske debatten på 70-talet er jo ein annan skål. --Ekko 18. april 2006 kl. 11:23 (UTC)
Kjeldetilvising: [1] Her er òg eit sitat om Fedrelandslaget, som Lange arbeidde for i mange år: "Fedrelandslaget, organisasjon stiftet i 1925 med det formål å samle alle borgerlige og nasjonalsinnede mennesker i Norge mot trusselen fra sosialismen. Blant stifterne var Fridtjof Nansen og Christian Michelsen. Fedrelandslaget spilte en stor rolle ved stortingsvalget i 1930. I l930-årene var Fedrelandslaget tydelig inspirert av italiensk fascisme og tysk nasjonalsosialisme, men samtidig ble organisasjonen politisk sett en mer marginal foreteelse i Norge." (mi utheving). Kjelde: [2] Anders Lange var sekretær for federelandslaget frå 1930 til 1938. Det er såleis ingen tvil om at mannen hadde fascistsympatiar. --Erling 18. april 2006 kl. 11:36 (UTC)
Her gjeld det å halda tunga rett i munnen. Eg endra på formuleringa i artikkelen for å passa med det Lange sjølv sa (ifølgje artikkelen). Slik det sto kunne det lesast som om han heile livet sympatiserte med fascismen, men det er ikkje det som blir sagt i sitatet. (Barend 19. april 2006 kl. 08:54 (UTC))

Eg har satt inn fascisme-tilvisinga på ny etter at den blei fjerna av ein anonym brukar. Eg gjer oppmerksom på at påstanden er omstritt. Eg meiner dette er viktig å ha med av di dette faktisk var ein del av det politiske ordskiftet rundt Anders Lange på 70-talet. Altså: At påstanden blei satt fram er sant. Om påstanden er sann veit me ikkje. Men at påstanden blei satt fram den gongen er ein del av biografien til mannen. --Ekko 20. april 2006 kl. 06:14 (UTC) Tilføying: Den anonyme brukaren nytta som argument mot setninga at det ville vera som å kalle SV antisionistisk av di nokon sa det i debattar. Eg synest det er eit godt døme. At nokon i det offentlege ordskiftet hardnakka kallar partiet for antisionistisk er (etter mi meining) sjølsagt noko som høyrer heime i ein artikkel om partiet, det seier noko om kva slags politisk landskap partiet verkar i. --Ekko 20. april 2006 kl. 07:45 (UTC)

Eg er ikkje vidare imponert over kjeldebruken her: Lenkja viser til ein skolestil (!) som hevdar at "Anders Lange har sagt X". Det kan det godt hende at han har sagt, men kjeldetilvisinga i artikkelen vår er ikkje nok til å vise det. Trondtr 20. april 2006 kl. 13:42 (UTC).
Hm. Dårleg norsk var det òg. Nei, du har rett i at dette ikkje held som kjelde. Me må ha primærkjeldar. --Ekko 20. april 2006 kl. 14:14 (UTC)
Tok ut det som har skapt debatt, og sette inn sitat med lenkje frå Norgeslexis omtale av Fedrelandslaget, som Lange var sekretær for i 30-åra. Dette viser òg i realiteten at Lange hadde fascistiske sympatiar, men på ein betre måte og med betre kjelde. --Erling 20. april 2006 kl. 15:49 (UTC)