Anders Lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anders Lange

Fødd5. september 1904
Aker kommune
Død18. oktober 1974 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFrihetsvernet, Framstegspartiet
Yrkepolitikar, redaktør, fotballspelar
Utdanna vedKristiansand katedralskole
MedlemFedrelandslaget
Alle verv

Anders Sigurd Lange (5. september 190418. oktober 1974) var ein norsk politikar og kjend agitator.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Han vart fødd i Aker i Akershus. Lange vart ferdigutdanna skogteknikar i 1926 og arbeide nokre år som lærar på ein planteskule i Argentina før han vende heim i 1929.

I mellomkrigstida var Anders Lange aktiv i Fedrelandslaget, eit lag som ynskte å skipa ein borgarleg front mot kommunismen. Om Fedrelandslaget i 1930-åra seier Norgeslexi dette: «I 1930-årene var Fedrelandslaget tydelig inspirert av italiensk fascisme og tysk nasjonalsosialisme, men samtidig ble organisasjonen politisk sett en mer marginal foreteelse i Norge.»[1][daud lenkje] Lange var sekretær i Fedrelandslaget frå 1930 til 1938. Under krigen fekk Lange nokre mindre fengselsopphald i Møllergata 19.

Anders Langes Avis[endre | endre wikiteksten]

I 1947 vart Lange sekretær i Norsk Kennelklubb og skipa seinare ein eigen kennel i Oppegård kommune. I 1948 tufta han Hundeavisa. Avisa handla i byrjinga hovudsakleg om hundehald, men vart meir og meir open for politiske ytringar. Utover 60-talet vart den redaksjonelle profilen heilt endra og avisa vart omdøypt til Anders Langes Avis. Avisa hadde ein krass brodd mot det rådande politiske miljøet, og hovudsakleg retta mot skattar og avgifter og alle former for avgrensingar av det frie næringslivet. Lange var sjølv kritisk til å føre utviklingshjelp, og redaksjonelt stod Anders Langes Avis for ei sterk politisk støtte til det Sør-Afrikanske apartheidregimet.

Anders Langes Parti[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1960-talet stod Lange bak partiet Frihetsvernet, som stilte liste i Oslo ved stortingsvalet i 1965 utan suksess. Tidleg på 1970-talet prøvde han seg igjen. Han tufta det politiske partiet Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep (ALP) under eit folkemøte i Saga Kino i Oslo den 8. april 1973. Partiet endra seinare namn til Framstegspartiet. I Stortingsvalet 1973 kom Lange inn i Administrasjonskomiteen. Han heldt fram som stortingsrepresentant og formann i partiet fram til han døydde i 1974.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Anders Lange
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.