Diskusjon:Arctic Equestrian Games

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flytt frå Brukardiskusjon:Ekko:

Hei! Jeg så denne endringen av deg på artikkelen Arctic Equestrian Games. Hvorfor er kritikk og ros av et arrangement uleksikalsk i nn-wikipedia? Ser også lignende endringer på Brunstad Conference Center-artikkelen, hvor tekniske spesifikasjoner er fjernet pga. at det skulle ligne reklame. Dette er fjerning av interessant dokumentasjon som er av interesse for de som ønsker informasjon om emne, og kan og bør ikke klassifiseres som reklame. Kan du forklare dine grunner? --EivindJ 23:59, 20 januar 2008 (CET)

  1. Informasjon om framtidige hendigar er reklame. I eit leksikon skriv me om det som eksisterar eller har eksistert.
  2. Tekniske spesifikasjonar kan vera interessant i ein leksikonartikkel. Men når det går på eit detaljnivå som kor lyssterkt framvisarapparata er og kva slags serveringsstader som finst, er det truleg berre av interresse for mogelege kundar av konferansestaden. Og kor mange overnattingsplassar det finst er heilt uinteressant i ein artikkel om eit hestestemne. Dette preget artiklane hadde av reklame blei ytterlegare styrka av at teksten var brote opp i mange underbolkar med lite tekst i kvar. På dette viset hadde stoffet som truleg berre var av intresse for potensielle kundar fått ein uforholdsmessig stor plass i artiklane.
  3. Opplysingar om ein diskusjon mellom kundar av hesteshowet og arrangøren om økonomisk oppgjer er neppe av allmenn interesse. Ein får igjen ei kjensle av at dette er opplysingar retta mot potensielle kundar.
  4. Dei som har interesse av slike opplysingar kan truleg finne dei på heimesidene til konferansesenteret og hesteshowet. lenker står i artiklane våre.
Avdi dette er ein debatt av allmenn interesse flyttar eg han til diskusjonssida til hesteshowet. --Ekko 09:29, 21 januar 2008 (CET)
  1. Ikke nødvendigvis. De fleste andre Wikipediaer inneholder informasjon om ting som kommer. VM i 2008 har allerede artikler på 31 språk.
  2. (omhandler artikkelen Brunstad Conference Center)Leksikonartikkelen bør skape et bilde av hva senteret egentlig er, og dermed også innbefatte tekniske spesifikasjoner og serveringssteder i korte trekk. Disse opplysningene er ikke kun av interesse for mulige kunder, men for alle i Stokkes nærmiljø, alle med interesse for Smiths venner, alle med interesse for lokalkultur og for alle med interesse for norske konsertarenaer (den er av Norges største). Stedets historiske plass i Smiths venners historie og senterets sentralle rolle for Smiths venners misjon til hele verden gjør det også interessant med informasjon om tolkeanlegg og satelittsending. Husk at vi her også snakker om Ekkos endringer på Brunstad Conference Center-artikkelen, da jeg er enig i at tekniske spesifikasjoner er begrunnet fjernet fra AEG-artikkelen.
  3. Kritikk og tilbakemeldinger på et arrangement er i høyst grad av allmenn interesse, i hvert fall når dette er referansebelagt og ikke personlige og subjektive meninger.
  4. De som ønsker å finne ut hvor mange som døde under holocaust kan også finne dette på nettet. Vi er ingen lenkeside, vi er et encyklopedi. --EivindJ 10:50, 21 januar 2008 (CET)
  1. Dei om det. Her hos oss har me ein politikk som seier at omtale av framtidige bokutgjevingar, plater osb. ikke er av leksikalsk interesse, men er reklame. Er du usamd i det er det i grunnen best å ta det opp på Samfunnshuset.
  2. At spesifikasjoner på projektorar osb seier kva senteret eigentleg er, er viktig for dei med interesse for lokalkultur osb. virker ikkje rimeleg. Som konsertarena er det meir interessant. Skriv om dei andre òg, og lag ein infoboks kor slike nøkkeltal står.
  3. Det var tydeleg subjektivt («bare ja-mennesker»). At noko kan vera subjektivt sjølv om en har det frå en plass er vel sjølvsagt?
  4. Eg trur me held Holocaust utanfor dette. Den siste setninga di inneheld to sjølvsagte ting. At me frå desse banale utsegnene kan slutte kva grensa går mellom kva som skal stå i eit leksikon og kva som skal ut er ikkje utan videre klårt for meg. At ikkje alle sider ved ei verksemd er like viktige kan me sikkert einast om. Ein god artikkel vil trekke fram alle dei viktige sidene og gje dei ei balansert framstilling. Å gje mindre viktige sider stor plass i artikkelen gjer artikkelen dårleg. Difor er det betre at når det gjeld mindre viktige ting, som truleg intresserar eit fåtal, at ein går til verksemda sjøl. Det er vel ikkje uvanleg at ein finn ei lenkje til verksemdene i artiklar som omtalar dei?
--Ekko 11:19, 21 januar 2008 (CET)
  1. Kan jeg få retningslinjene på dette punktet? Hvis det er slik at dette er skrevet i nynorsk Wikipedias retningslinjer så er det ok for meg; er det din personlige mening er det en annen sak. Se artikler som Sommar-OL 2008, Vinter-OL 2018 osv.
  2. Det er nok klart at du ikke kjenner mye til denne saken. At et sted har stor interesse for et lokalmiljø kan jo ikke være vanskelig å fatte ... tenk deg vikingskipet for Hamar. Jeg har ikke inngående kjennskap til nynorsk, så jeg kommer ikke til å skrive andre artikler om lignende temaer. Grunnen til min interesse er at jeg skrev bokmålsutgaven av samme artikkel.
  3. Det er et direkte sitat og dermed ok, referansebelagte subjektive sitater er ok, men ikke subjektive setningslyder i en artikkel.,
  4. Du må da fatte poenget, og hvorfor jeg nevner holocaust. Dette er igjen et encyklopedi, og vi har ikke som mening å fungere som en lenkeside, men som et leksikon (selvfølgelig med lenker til relevant informasjon). Jeg er enig i deg om at viktigere saker skal ha større tyngde, men jeg er uenig med deg i hva som er viktig og ikke.
Tekniske spesifikasjoner, tilbakemeldinger på arrangement, samt hele avnsnittet om AEG Promotion Cup bør settes tilbake i artikkelen (Sistnevnte er allerede i gang, og er ikke fremtidig hendelse. Saken har dekning i media og er klart leksikonverdig). --EivindJ 11:48, 21 januar 2008 (CET)
  1. Det finst ikkje skriftlege retningsliner på dette punktet, eg viste til det som er sedvane her.
  2. Men no skreiv eg ikkje om stade, men om i kor stor grad ein skal da med stoff som truleg er av interesse berre for dei som skal tinge staden. Kor mange i Brunlanes går eigentleg å tenkjer på kor mange ansilumen prosjektoren har?
  3. Logisk brest her. Berre avdi nokon har sagt noko som står på prent, så blir det ikkje naudsynleg vettugt å ha i eit leksikon.
  4. Eg ser ikkje nokon kopling mellom premiss og konklusjon i argumentet ditt. Du får ha meg unskyldt.
Og til siste avsnitt; nei, meiner eg. --Ekko 12:10, 21 januar 2008 (CET)
  1. Det blir for svakt. Se også artikkelen om Ryfast. Dere kan ikke håndheve en uskreven lov så halvhjertet.
  2. Det er av interesse for all med interesse for Smiths venner, en artikkel med ca. 700 treff om dagen på bokmåls-Wikipedia. Hvor mange ansilumen per prosjektor har interesse for alle som ønsker inngående kjennskap til teknikken ved senteret. Det er nok likevel det svakteste punktet i artikkelen, og kan sløyfes for min del. Derimot er informasjon om tolkeannlegg, satelittsendinger osv. selvfølgelig av stor interesse, da senteret sender TV-signaler world-wide og er Smiths venners misjonssenter. Lydannlegget er også av interesse av den grunn at det er det største lydanlegget som er fastmontert i norden.
  3. Det er skrevet i en arrangementsanmeldelse av Norges største hesteportal. Det er ikke en «nokon».
  4. Vi skal og bør formidle basisfakta om et konferansesenter uten at det anses som reklame. Vi utelater ikke fakta fordi det finnes på hjemmesidene til de respektive stedene. Vi bør ta med det som er relevant, og her er spesifikasjonene relevante, uten tvil. Så lenge dette formidles på en objektiv måte så er det ikke reklame.
  5. Et subjektivt nei er ikke et tilstrekkelig svar. Jeg gjeninnsetter noe, så kan du gi dine tilbakeargumentasjoner på det. --EivindJ 12:50, 21 januar 2008 (CET)
OK, då lar me det stå så lengje, og tar eit ordskifte på sammfunnshuset. --Ekko 14:02, 21 januar 2008 (CET)
Flott, fint hvis vi kan lande på et kompromiss (: --EivindJ 14:17, 21 januar 2008 (CET)
  1. Det er då stor skilnad på eit vegprosjekt og eit framtidig sportsarrangement. Eit vegprosjekt er noko ein faktisk veit korleis kjem til å sjå ut, og som ein difor faktisk kan seia noko om. Ein veit ikkje kven som kjem til å delta og korleis resultata vert i eit framtidig sportsarrangement. I tillegg er det viktig for folk kva slags infrastruktur ein har i Ryfylke, no og i framtida. Det er ikkje leksikonstoff at eitt eller anna sportsarrangement også vil verta arrangert i framtida. Argumenter for synet ditt, heller enn å dra fram andre artiklar som ligg milevis frå denne både i emne og relevans.
  2. Informasjon om tekniske spesifikasjonar er til ein viss grad relevant, men dette er eit leksikon, ikkje ein informasjonsbrosjyre. Det går fint an å skriva eit par setningar om storleiken på eit senter eller eit arrangement utan å gå i detalj på den måten som det vert gjort i desse artiklane. Det som skjer er at det som finst av fornuftig og nyttig informasjon i artiklane druknar i unyttig informasjon om detaljar (sjå òg pkt 6)
  3. Kva slags menneske ein journalist meiner «personalet» er, har ingen leksikonrelevans, er ikkje objektivt og skal i alle fall ikkje siterast på Wikipedia.
  4. Artikkelen om konferansesenteret inneheld etter mi meining altfor mykje unyttig informasjon. Då meiner eg unyttig for folk som brukar leksikon.
  5. Problemet ditt er at du skriv leksikonartiklar om noko du (tydelegvis) er svært personleg oppteken av. Då klarar du ikkje å vera objektiv, og klarar heller ikkje å sjå kva som er nyttig å ha med på Wikipedia. Det å skriva om noko ein sjølv er involvert i eller særs oppteken av, er generelt sett uglesett på Wikipedia. Me klarar sjølvsagt ikkje å unngå det heilt, iallfall ikkje på ein så relativt liten Wikipedia som dette, men det er viktig at folk iallfall er forsiktige med det. Og det er særleg viktig at ein person som er særs involvert i det han skriv om, til slutt, etter å ha argumentert for sitt syn, let andre avgjera kva som er viktig nok og kva som er for lite viktig.
  6. Det som er viktig å få meir om i denne artikkelen, om han i det heile skal verta levedyktig, er meir informasjon om hestestemnet og aktivitetane hestane og ryttarane driv på med. Det meste av informasjonen i denne artikkelen handlar om rammene rundt, og det er faktisk ikkje det viktige når ein snakkar om eit sportsarrangement. Så lenge det nesten ikkje står noko som helst om sjølve stemnet, synest eg personleg at me bør kutta vekk alt det andre òg. Når me har to liner om hestesport i ein hestestemne-artikkel, kan me ikkje ha ti liner om rammene rundt stemnet. Hadde me hatt tredve liner om hestestemnet, hadde det derimot kunna vera naturleg å ha fem-seks liner om rammene rundt stemnet. Viss du får ein person som er hesteinteressert til å skriva ein artikkel om Arctic Equestrian Games, vil det vera naturleg å ha med noko av informasjonen du har lagt inn. Men slik artikkelen er no, er han verdilaus for ein hestesport-interessert leksikonlesar. Og då er han, etter mi meining, verdilaus for Wikipedia. --Tannkrem 18:10, 12 februar 2008 (CET)